Detaljplankart Onarheim transformatorstasjon, henta frå konsesjonssøknaden til NVE.

Detaljplankart Onarheim transformatorstasjon, henta frå konsesjonssøknaden til NVE.

Inviterer til informasjonsmøte om ny transformatorstasjon

Anleggsarbeidet på den nye Onarheim transformatorstasjon på Husnes starta 17. mars. 16. april blir det invitert til informasjonsmøte om prosjektet.

– Dette er ein stor og viktig milepåle for oss i Statnett, og me er glade for at bygginga startar opp. Selskapet Afry skal leia og følgja opp byggeaktivitetane lokalt, sa prosjektleiar i Statnett Håkon Schandorff Frøyshov då arbeidet med skogshogst og etablering av riggområde starta opp i midten av mars.

Statnett er byggherre i prosjektet, som inngår i Statnetts områdeplan for Bergensområdet og Haugalandet. No går Afry ut og inviterer til informasjonsmøte i Kulturhuset Husnes kl. 18 den 16. april.

Under møtet vil prosjektleiar frå Statnett vera til stade, saman med representantar frå byggherreorganisasjonen Afry, inkludert prosjektsjef, prosjektleiarar og byggeleiar. I tillegg deltar Vassbakk & Stol, som utfører dei pågåande arbeida på byggeplassen, samt AF Elkraft, som startar sine arbeid i området frå våren 2027.

– Me vil blant anna informera om kort om prosjektet, status for byggeplassen og aktivitetane som pågår no, planlagd arbeid vidare utover våren og korleis me handterer støy, ivaretar nærliggjande turstiar og følgjer opp forhold som kan råka nabolaget og lokalmiljøet, opplyser prosjektsjef Arne Surén og kommunikasjonsansvarleg Benedikte Vivaas Kise i Afry.

Det blir høve til å stilla spørsmål undervegs i møtet, og det blir servert mineralvatn, kaffi/te og noko søtt.

– Me håper mange har anledning til å delta, og ser fram til ein god dialog med råka og interesserte i området, sluttar Vivaas Kise og Surén.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay