
Stormen «Dave» kjem med så kraftig vind at det er sendt ut raudt farevarsel for delar av Rogaland. Delar av Kvinnherad ligg i sona med oransjevarsel, medan resten er på gult farenivå. (Skjermdump frå varsom.no)
Ber innbyggjarane ta forholdsreglar for ekstremvêret «Dave»
Det er sendt ut oransje farevarsel for deler av Kvinnherad i samband med at ekstremvêret «Dave» er på veg inn frå Nordsjøen.
Sørlege deler av Kvinnherad ligg innanfor området som det er sendt ut oransje farevarsel for, og ein er tett på områda det er varsla raudt nivå på. Vinden kjem mest truleg til å råka Kvinnherad og kvinnheringane på fleire vis.
Det er forventa at vinden vil påverka ferjeavgangane, spesielt midt på dagen søndag.
Fjellovergangane vil bli råka av vinden, og allereie laurdag morgon var det innført kolonnekøyring mellom anna over Haukelifjell.
Rådet til både ferje- og fjellreisande er det same: Viss du ikkje kan utsetja heimreisa til måndag, bør du reisa i dag (laurdag).
Hugs eigenberedskapen, for det kan vera fare for straumutfall. Viss det fell tre over linjene, bør ein ikkje prøva å ordna opp i dette sjølv, men overlata det til fagfolka å rydda opp. Oppryddinga vil først skje når det er trygt å gjera det, så ein må vera budd på at eit eventuelt straumbrot kan koma til å vara.
Kan bli mykje grov sjø når vinden kjem frå nordvest. Båteigarar bør sikra båtane.
– Brannmannskapa vil helst ikkje ut og berga båtar, grunna omsynet til tryggleiken til mannskapet vårt, seier vakthavande i Kvinnherad brann og redning Are Blokhus.
Det vil uansett blåsa, så ein må sikra lause gjenstandar!
Sist oppdatert
