Vinnar: Emil Thunold Gausvik

Tysdag 10. desember var juryen, beståande av ordførar, kommunedirektør og redaktørane i lokalavisene Kvinnheringen og Grenda, samla for å kåre det beste innspelet til Kvinnherad2050 sin Instagram-konkurranse.

Jury
Juryen i Instagram-konkurransen: Håvard Sætrevik frå Grenda, Mona Grønningen frå Kvinnheringen, kommunedirektøren og ordføraren.

Gratulerar, Emil, og tusen takk for eit godt innspel til Kvinnherad2050!

Innspelet skildra strålande korleis vinnaren ser for seg Kvinnherad og Rosendal i framtida. Ja takk til både grøne område, badeland og aktivitetshall! Innspelet reflekterar og famnar om mange av dei innspela som er kome inn til Kvinnherad2050, både dei som er kome på Instagram, men òg dei som er kome inn på andre måtar. Vinnaren viser fantastisk kreativitet, planleggingsferdigheiter og kanskje ein smule tolmod? Juryen la merke til kreativiteten og originaliteten, samt innsatsen som var lagt ned i innspelet, som i seg sjølv var veldig bra.

Emil lego 2050Legoinnspel 2050
Emil sine ynskjer for Rosendal i framtida 🙂 Ja takk til både grøne områder, badeland og aktivitetshall! #lego #Rosendal #Kvinnherad2050».
Kjelde: Instagramkontoen anja_thunold. 

Inn i det vidare arbeidet med Kvinnherad2050 tek dei folkevalde og samfunnsutviklarane med seg fokuset på heving av sentrumskvalitetar, fortetting og det å skape møteplassar både for finvêrsdagar og for dagar med skikkeleg vestlandsvêr. Samstundes som arbeidet med Kvinnherad2050 er i gong, er òg arbeidet med områderegulering for Rosendal  tettstad i gong. Emil sitt innspel passar perfekt inn i Rosendalplanen, og ein skal ikkje sjå vekk i frå at ein om nokre år vil finne Emil sine innspel att i Rosendal tettstad.

Vinnar av emneknagg-trekkinga: Jostein Saghaug

Vinnar av emneknagg-konkurransen etter trekking, vart Jostein Saghaug med eit bilete som viser Bondhusvatnet. Jostein har merka mange av innlegga sine med #kvinnherad2050, og bileta viser kor heldige vi er som har så mykje flott natur i Kvinnherad.

Sjølv om konkurransane er over, oppfordrar vi til å fortsatt nytte emneknaggane #kvinnherad2050 og #Kvh2050. På denne måten kan vi saman marknadsføra kommunen vår og vise kva kommunen har å by på av stort og smått – vise kor attraktiv Kvinnherad er! Og skulle ein snuble over noko som hadde vore midt i blinken for Kvinnherad, ta bilete og fortsett å kome med gode idear og tankar om kva som kan vere positivt for Kvinnherad. Rett og slett ein idèbank for innbyggjarar, friviljuge, næringsliv, utbyggjarar og kommunen.

Til slutt ei takk til alle som har kome med innspel til Kvinnherad2050 – veldig kjekt at de vil vere med å forme Kvinnherad.