Viltfond

Alle kommunar som har opna for jakt på hjort skal etablera eit kommunalt viltfond. Inntektene til det kommunale viltfondet er den offentlege fellingsavgifta for hjort og fondet si årlege avkasting.

Inntektene frå omsettinga av ulovleg felt vilt og fallvilt av hjortevilt, samt hjortevilt som blir felt som skadedyr (løyve gjeve i medhald av naturmangfaldlova § 18) blir òg rekna som inntekter til det kommunale viltfondet.

Viltfonsmidlar kan nyttast til:

  • Tilskot til tiltak for å fremja viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering med meir i kommunen og nabokommunar. Dette skal skje gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen
  • Å dekkje kommunen sine utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen
  • Tiltak for å førebyggje skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt.

Viltfondmidlar kan ikkje nyttast til:

  • Kommunal administrasjon av viltforvaltning (faste utgifter til løn, møtegodtgjersle, reiser med meir)
  • Å erstatte skader voldt av vilt
  • Skotpremiar
Fellingsavgift
Fellingsavgifta for hjort blir fastsett av kommunen innanfor rammene som er fastsett i statsbudsjettet av Stortinget.
06.12.2012 vedtok Formannskapet desse satsane for fellingsavgift for hjort i Kvinnherad:
  • For alle vald som har gjennomført og fått godkjent eigen driftsplan med avskytingstavle:
    • Vaksen hjort: kr. 250,-
    • Kalv: kr. 100,-
  • For vald utan godkjende bestands-/driftsplanar:
    • Vaksen hjort: kr. 330,-
    • Kalv: kr. 200,-
  • Alle dyr med slaktevekt 35 kg eller lågare skal betalast sm kalv, men rapporterast i rett aldersgruppe.

Vedtaket er gjort med heimel i Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort

Søknadsinformasjon: 

Det vert sett to fristar kvart år for å søkje viltfondet om midlar, 1. mai og 1.oktober. Søknadane skal så handsamast i formannskapet innan to månadar. Midlane skal lysast ut. Søknaden skal vere skrifteleg og må innehalda:

  • Ei utgreiing om tiltaket
  • Kostnadsoverslag
  • Kartfesting
  • Foto
  • Kontaktperson for tiltaket

Midlar som ikkje vert brukt vert lagd til fonda og delt ut seinare.

Søknadar kan sendast på epost til post@kvinnherad.kommune.no