Det er likevel slik at besøk ikkje kan gjennomførast på same måte som tidlegare.

Vi må gjere det vi kan for å unngå smitte, difor vil omsynet til smittevern vera avgjerande for korleis ein kan gjennomføre besøka. Besøk må avklarast på førehand slik at avdelinga kan planlegge besøket og syte for at omsynet til smittevern vert ivareteke.

For sjølv om det er låge smittetal i samfunnet no, er det ei hovudsak for oss å ivareta smittevernet for bebuarane som er i risikogruppene for alvorleg utvikling av COVID-19. Me ynskjer ikkje å få smitteutbrot på institusjonane eller i omsorgsbustadane  Difor må me ha nokre klåre reglar, som byggjer på Folkehelseinstituttet sine råd. 

Tal besøkjande samstundes bør avgrensast, slik at nødvendig avstand til andre vert oppretthalde.

Besøk bør om mogeleg skje utandørs, i eige besøksrom, eller på bebuar sitt rom. Pårørande skal då gå direkte til og frå bebuar sitt  rom og ikkje opphalda seg i fellesarealet, samt halda minst éin meter avstand til bebuaren inne på rommet.

Også ved besøk utandørs må alle utføre handhygiene ved innkomst og halda minst éin meter avstand til bebuar og tilsette.

Personar med luftvegssymptom og feber skal ikkje koma på besøk. Det same gjeld personar som er mistenkt for, eller bekrefta sjuk med covid-19, eller definert som nærkontakt til mistenkt eller bekrefta smitta med covid-19.

Meir informasjon om besøksordning vil ein få ved å kontakta dei ulike  einingar og avdelingar.