Frist for innspel: 20.03.2024

I medhald av plan- og bygningsloven § 12-8 vert det varsla oppstart av Detaljregulering for Vangsholmane bustadområde – Rosendal – 83/5, 83/73 med fleire, PlanID 20230006. Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS meldar oppstart av planarbeid på vegne av forslagsstillar FK Rosendal Eigedom. 

Planstatus: Oppstart

Saksnummer: 2023/3947

Plantype: Privat detaljregulering

PlanID: 20230006

Forslagstillar: FK Rosendal Eigedom AS

Plankonsulent: Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS

Plandokumenter: 

Les meir om planarbeidet i planintiativet og referat frå oppstartsmøte som er tilgjengeleg i planregisteret

Føremål

Planarbeidet har som føremål å leggje til rette for bustadutvikling i Rosendal med inntil 32 nye bueiningar fordelt på to leilegheitsbygg og tre firmannsbustadar. Planområdet på ca. 22,6 daa ligg sentralt i Rosendal sentrum, og inkluderer også eksisterande bustadeigedommar. Det planlagt å regulere for gangveg langs elva for ålmenta for å sikre ein samanhengande promenade langs elva som del av den blågrøne strukturen i Rosendal frå sentrum som førarar vidare til nærliggjande rekreasjons- og friluftsområdar. Planarbeidet legg opp til tilkomstveg frå Baronivegen med tilrettelegging for fortau for mjuke trafikkantar, medan gangtilkomst frå Skålagato. 

Kommunekart

Detaljregulering for Vangsholmane bustadområde

Planstatus

I gjeldande kommuneplan for Kvinnherad 2018-2026 er planområdet avsett til bustadføremål, sentrumsføremål og landbruks, natur- og friluftsområde og bruk og vern av sjø og vassdrag med tilhøyrande faresonar for flaum og gul støysone. I tillegg er det fastset omsynssone for bevaring av naturmiljø langs elva. Det er fastsett plankrav for utbygging av bustader innanfor bustadføremålet som er grunnlaget for planoppstart. 

Det er føresett oppheving av delar av gjeldande reguleringsplan for Rosendal sentrum (PlanID 20070003). Planarbeidet tilgrensar også fleire gjeldande reguleringsplanar, men også pågåande detalj- og områdereguleringsplanar. 

Konsekvensar og utgreiingstema

Det er vurdert at planintiativet ikkje utløyser krav om konsekvensutgreiing jf. Forskrift om konsekvensutredninger. Det er gjennomført flaumfarevurdering for planområdet som gjev grunnlag for flaumsikrande tiltak som skal innarbeidast i planforslaget. Det er krav om ROS-analyse jf. plan- og bygningslova § 4-3 der trafikktryggleik, vassdrag, kantvegetasjon, overvatn, flaum og landskap er aktuelle utgreiingstema.

Medverknad

Informasjonsmøte med orientering av planarbeid vert held i Vangsvegen 13 (Kvinnherad elektro) 13.02.2024 kl. 17:00. Påmelding må sendast til petter@byggadmin.no. Der vert det forklart om planframlegget, og mogelegheit til å komme med spørsmål eller innspel.

Har du innspel til oppstart av planarbeidet?

I oppstartsfasen kan ein sende inn innspel til planarbeidet. Etter at innspelsfristen vert innspel vurdert før vidare utarbeiding av planforslaget. 

Innspel til planarbeidet kan sendast på e-post til post@byggadmin.no eller som brev til Byggadminstrasjonen Harald Bjørndal AS, Postboks 103, 5649 Eikelandsosen innan frist 20.03.24. 

Spørsmål kan rettast til Byggadministrasjonen Harald Bjørndal AS ved Petter E.T. Flotve:

Telefon: 95 79 52 30 

E-post: petter@byggadmin.no