I medhald av plan- og bygningslova § 12-8 vert det varsla oppstart av privat detaljregulering for Pollen næringsområde på 154/32 og 154/17 med fleire. Forslagsstillar er Lonabråtet Eigedom AS, og plankonsulent er ABO Plan & Arkitektur AS.
Om planarbeidet
Føremålet med reguleringsplanen er å legge til rette for utvikling av nærings- og industritomter på 154/17 og 154/32. Planområdet er avsett som næringsområde i gjeldande kommuneplanens arealdel. Arealet rundt næringstomta er teken med for å regulere inn eksisterande sti.
I tillegg ønskjer kommunen at del av gnr/bnr 154/235 og 154/2 vert inkludert i planområdet for å regulera det til parkering for turgåare, då området er ei viktig innfallsport til friluftsområde. Dette arealet er avsett til LNF- område i gjeldande KPA.
Planområdet er på ca. 25 daa.
Nærare informasjon om planarbeidet er omtalt i planinitiativet på ABO Plan & Arkitektur AS si heimeside, www.abo-ark.no. Referat frå oppstartsmøte og planinitiativ vil vere tilgjengeleg i planregisteret.
Lenkje til planregisteret med plandokument:
https://www.arealplaner.no/kvinnherad4617/arealplaner/357
Konsekvensutgreiing
Planarbeidet er vurdert til å ikkje utløyse krav om planprogram og konsekvensutgreiing jf. Plan- og bygningslova § 4-1.
Frist for innspel
Frist for innspel og merknader til varsel om oppstart av planarbeidet vert sett til 29.11.2022. Innspel og merknader skal framsettast skriftleg og sendast til:
ABO Plan & Arkitektur AS v/ Unni Sjursen
Postboks 291
5203 Os
e-post: offentlig.ettersyn@abo-ark.no
Eventuelle spørsmål kan rettast til ABO Plan & Arkitektur AS:
Unni Sjursen
Tlf: 900 29 764
e-post: unni@abo-ark.no
Det er ikkje naudsynt å sende kopi av innspel og merknader til Kvinnherad kommune, dette vil verta ivareteke av ABO Plan & Arkitektur AS. Alle mottatte dokument, innspel/merknader o.l. vert sendt samla til kommunen saman med planforslaget.