Om barnehagen

Eventus Valen barnehage ligg fint til på Valen med utsikt over sjøen. Me har skog, mark og sjø i nærmiljøet vårt. Turmåla våre er dermed varierte. I nærmiljøet har me garden på Valen der me får komma og sjå på dyra både ute og inne etter avtale med gardseigar. Me har ritellet der hestane går ute. Sjukehusparken til Valen sjukehus er flittig brukt av oss, der me har mange gode naturopplevingar. Kyrkja og nærbutikken ligg i gangavstand frå barnehagen. Næraste nabo er Valen skule der me ofte er på besøk i Valeparken og skuleplassen.

Mykje av den pedagogiske verksemda i barnehagen skjer ute, enten ute på leikeplassen eller på turar rundt omkring i nærmiljøet. Her får barna gode opplevingar og erfaringar. Med naturen som språkarena er det ikkje behov for å ta med seg mange ting frå barnehagen, ein finn det ein treng ute i skattkammeret til naturen. I Eventus Valen barnehage har me satsingsområde Glade utebarn med språket i ryggsekken.

Eventus Valen barnehage tilbyr plass til barn i alderen 0-6 år. Det er mogeleg å søkja barnehageplass heile året. Barnehagen tildeler plass ved ledig kapasitet. Kommunal frist for hovudopptak er 15. februar. Søknad må gjerast på Kvinnherad kommune sine sider.

Opningstider: 06.30 - 16.30

Heimeside Eventus