Reisevaksinering
Kvinnherad kommune sitt tilbod om tuberkuloseundersøking, yrkesvaksinering og reisevaksinering vert utført på Husnes helsestasjon i Aksen 2.etg.
Kontoret er ope kvar onsdag 08.00-15.30.
Tuberkuloseundersøking er lovpålagd, og difor vert dei aktuelle kalla inn til time.
Dersom du treng yrkesvaksinering eller reisevaksinering, må du avtala time på førehand.
Anbefalar å bestilla time i god tid, då einskilde vaksiner har lengre bestillingstid eller krev fleire doser med visst intervall.
For bestilling av time, reiseråd etc. ta kontakt på telefon.
- Line S Holmedal: 91 85 02 65
- Elin Johnsen Eskeland: 47 61 92 08
Ein kan òg kontakta helsestasjonen sitt sentralbord der ein kan be om å bli ringt tilbake dersom dei ansvarlege er opptekne. Tlf: 53 46 16 20
På FHI finn ein oversikt over kva reisevaksinar ein bør ta i dei ulike landa: www.fhi.no/vaksine/reisevaksiner/
Influensavaksine
Vaksinering mot influensa skjer på hausten - då oppdaterer vi nettsida med informasjon om tid og stad ein kan få vaksinen.
Sesonginfluensavaksinering vert først og fremst anbefalt til personar som er i risiko for alvorleg sjukdom og død om dei blie sjuke med influensa (risikogrupper):
- Bebuarar i omsorgsboligar og sjukeheim
- Alle frå fylte 65 år
- Gravide etter 12. svangerskapsveke, samt gravide i 1.trimester med anna tilleggsrisiko.
- Prematurt fødde barn (særskilt før veke 32 i svangerskapet) frå 6 månader til 5 år.
- Barn og vaksne med kronisk lungesjukdom (inkludert astma), kronisk hjerte/karsjukdom, diabetes type 1 og 2, kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade, nedsett immunforsvar som fylgje av sjukdom eller behandling av sjukdom, særs alvorleg fedme (KMI over 40), anna alvorleg eller kronisk sjukdom der influensa utgjer ein alvorleg helserisiko etter individuell vurdering av lege.
I tillegg vert influensavaksine anbefalt til følgjande grupper, primært for å verne andre:
- Helsepersonell og andre tilsette i helse- og omsorgstenesta som har nær kontakt med pasienter ved behandling eller pleie
- Personar som bur i lag med eller er nær immunsupprimerte
- Svinerøktarar og andre som har regelmessig kontakt med levande gris.
Vi tilrår at personar frå nemnde grupper tek vaksine mot sesonginfluensa årleg. Influensavaksine gir vern mot fleire typar influensavirus. Det gjev ikkje vern mot koronaviruset.
Kommunen starter med vaksinering mot influensa i veke 43
Datoane for influensavaksinering 2022 er :
Rosendal samfunnshus:
24.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
27.10 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
03.11 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Husnes kulturhus:
26.10 kl. 08.30 til 12.00
02.11 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
09.11 kl. 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00
Influensavaksine kr 250,-
Pneumokokkvaksine kr 450,-
Betaling via bankterminal
Influensavaksine kan òg takast hjå fastlege frå veke 43.