Kva er apekoppar?

Apekoppar kjem av apekoppevirus og smittar gjennom nær kontakt med ein smitta person eller ved kontakt med eit smitta dyr. Det ser ut som at det krevst høg grad av nærkontakt for å verta smitta, og dei mest utsette er seksualkontaktar og husstandsmedlemmar. Det tek 5-21 (normalt 6-13) dagar frå ein er i kontakt med ein som har apekoppar til symptoma oppstår.

Vanlege symptom:

Symptoma er feber, myalgi (muskelsmerter) og hovudverk etterfølgt av hudlesjonar/utslett. Men nokon får hudlesjonar utan prodromalsymptoma først (dei første symptoma som feber, muskelsmerter osb.), og nokon får utslett (lesjonar) på slimhinner (rektalt, genitalt og oralt). Utslettet kan oppstå kvar som helst på kroppen, men i dette utbrotet rapporterast det hyppig om utslett (lesjonar) nedantil både rundt kjønnsorganet og analt og i og rundt munnen. Utslettet kan føra til smerter i hals og endetarm. Det er også rapportert om fleire tilfelle med symptombilde der ein kun finn nokre få eller ein enkelt lesjon.

Ein er smitteførande frå symptoma oppstår til skorpene har falt av og det er heil hud under. Det mest effektive tiltaket for å redusere smitte av apekoppar er å avgrense tal intime partnarar, samt isolasjon av og smittesporing rundt dei påviste tilfelle.

Vaksine mot apekoppar

Førebyggjande vaksinasjon mot apekoppar er no tilgjengeleg for førehandsdefinerte grupper, prioriteringsgruppe 1 og 2.

Prioriteringsgruppe 1: Menn eller transpersonar som har sex med menn, OG som er HIV-positive ELLER står på hiv-PrEP samt menn og transpersoner som selger sex til menn. Desse vil få tilbod om vaksine i spesialisthelseteneste/sjukehus.

Prioriteringsgruppe 2: Menn eller transpersonar som har sex med menn, OG som har risikoåtferd (hyppig partnarbyte, tilfeldig sex, gruppesex og chemsex), OG som har hatt syfilis, gonoré eller klamydia siste 24 månader. Desse vil no få tilbod om vaksine i kommunen.

Korleis vert vaksinen gitt?

Vaksinen vert sett i det ytste hudlaget (intradermalt) på overarmen slik at det vert danna ei liten blære, som forsvinn etter 5-10 minutt. Det vert gitt 2 doser med minst 28 dagars mellomrom.

Personar som får påvist apekopper etter første dose, skal ikkje ha andre dose.

Personar som tidlegare er vaksinert med koppevaksine (født før 1976 og som anten har munnleg/skriftleg dokumentasjon på vaksinasjon eller arr etter vaksinasjon) treng kun éin dose.

Korleis tinga time:

Du kan tinga time ved Ullensvang Vaksineklinikk AS ved å:

Ring 97 58 56 71 eller 90 52 49 56

Send e-post til ullensvang-vaksineklinikk@outlook.com

Melde via Facebook / Messenger til Ullensvang V A K S I N E klinikk

Du må tinga time på førehand.

Ikkje møt opp dersom du er sjuk, har feber over 38 grader eller andre teikn på infeksjonssjukdom. Ring i så tilfelle Vaksineklinikken for ny time.

Pris:

Vaksinasjonen kostar 250 kroner. Sjølve apekoppvaksinen er gratis, du betaler kun for konsultasjonen.

Vaksinen vert registrert i det nasjonale vaksinasjonsregister SYSVAK. Utover det vert informasjon om gjennomført vaksinering ikkje delt med andre aktørar og du kan vera trygg på at teieplikta vert ivareteke.

Vær førebudd på at du må sitta til observasjon 20 minutt etter vaksinering.

Her finn du vaksineklinikken:

Ullensvang Vaksineklinikk held til i 2. etg. i Bygdarbøen 2, 5750 Odda (ved Odda Folkebad). Gule Sider® Kart

Meir informasjon om apekoppar (smitterisiko og symptom) og vaksinering finn du på FHI sine nettsider.