Mandag 02.08. Status og oppmoding veke 31

Denne veka får kommunen tilsendt meir enn 1000 vaksinedosar, og me oppmodar om at alle som ikkje er vaksinert bestiller vaksinetime på: https://timebestilling.remin.no

Det nærmar seg skulestart og kommunen oppmodar særleg undervisnings- og barnehagepersonell som ikkje har fått 1. dose om å bestilla seg time. Det er ledige vaksinasjonstimar i Rosendal for 1. dose no komande torsdag.

Om lag 78% av innbyggjarane over 18 år har no fått 1. dose og om lag 50% er fullvaksinerte.
 

Fredag 30.07.
Kvinnherad kommune oppmodar alle som ikkje har fått 1. dose med vaksine for Covid -19 om å registrea seg for time komande veke torsdag 5 august.  Det er fleire ledige timar i Rosendal. 

Vaksineringa går raskare dersom alle som kjem har bestilt seg time. Kommunen testa ut ei løysing med Drop-In denne veka, men dette førte til lange køar og det gjekk med mykje tid for dei som måtte stå i kø. Når folk bestiller vaksinetime i forkant og møter opp til avtalt tid går alt mykje smidigare.

Gå inn på: https://timebestilling.remin.no 

Logg inn (med bank id) og bestill timen. Dersom du ikkje greier å bestille der du har lyst, kan det vera at timelistene er fulle. Då kan du prøva litt seinare. Dersom du likevel ikkje greier å bestilla time ring koronatelefonen ( 90 86 01 66) som er open måndag til fredag: 08.00. -10.00 og 13.00 -14.30.

Kommunen oppmodar folk om først og fremst ordna dette sjølv fordi det er stor pågang på telefonen og det kan bli lang ventetid.

Til sist oppmodar ein om at innbyggjaranr som har fått time til andre dose ventar til oppsett tidspunkt. 

 

Torsdag 29.07. - Gjeld vaksinering i Rosendal – viktig informasjon!
I Rosendal er det meir enn 200 dosar som ikkje er bestilt ennå, og 1 vaksinering vert no prioritert. Kommunen oppmodar alle over 18 år som ikkje har fått si første vaksine om å registrera seg og bestilla time på https://timebestilling.remin.no/kvinnherad.

For deg som har fått time til andre vaksinering kan du no møta opp i Rosendal for «Drop-in» time og få timen framskunda. Merk at det må ha gått 3 veker sidan du fekk første dose.

Informasjonen over gjeld kun Rosendal, på Husnes er alle vaksinetimane oppbestilt.

Her kan du sjå informasjon frå ordførar:

https://youtu.be/yVY61rTuHCY

 

Nyhende mandag 26.07.21:
Denne veka er det opna for at alle innbyggjarar over 18 år kan registrera seg for vaksinering. Du loggar deg på med Bank ID på https://timebestilling.remin.no/ og bestiller time. All vaksinering skjer torsdagar på Husnes og/eller i Rosendal. Det er pr. dato fleire ledige timar i Rosendal denne veka, og nokre få på Husnes. Dersom du av ulike årsaker loggar deg på og ikkje får bestilt, er du truleg ikkje registrert i Remin-systemet. Då må du ta kontakt med vaksinetelefonen til kommunen. 

For deg som har fått avsett time for andre vaksinasjon, oppmodar kommunen sterkt om at du møter opp til avtalt tid. Det ligg mykje logistikk i intervallet mellom første og andre dose, og endringar medfører kø og mykje venting på vaksinetelefonen. Det går no 12 veker mellom første og andre dose, og dersom du veit at dette ikkje vil høva, må du melda i frå til vaksinepersonell som er til stades når du får den første vaksinedosen.
 

Nyhende mandag 19.07.21:

Innbyggjarane våre er flinke til å melda seg på vaksinering. Denne veka skal det setjast 816 dosar, så no går det på fram! 

Veke 30 er det ennå nokre ledige timar både i Rosendal og på Husnes. Det vert lagt ut nye timar straks kommunen får melding om kor mykje vaksinedosar som kjem. Dette vert stort sett gjort på fredagar. 


Nyhende fredag 16.07.21:
I dag kl.10.00 legg vi ut ledige vaksinetimar for torsdag 22.juli i Remin.
Det er 263 ledige timar som vert lagt ut.
Du loggar deg på med bankID på timebestilling.remin.no og finn deg ein ledig time.
Dette gjeld for dei som er 18-24 år og 40 år og over.
Det vert lagt ut timar både på Husnes og i Rosendal.

Er du tilsett i barnehage, skule eller integrering - eller om du jobbar turnus på sjøen og ikkje høyrer til desse aldersgruppene; registrer deg i Remin først og ring telefonen vår for å avtala time etterpå.

 

Registrer deg: 
Alle som vil ta koronavaksine MÅ registrera seg på nett og fylla ut eigenerklæring.  
Gå til https://timebestilling.remin.no   

Logg på med bankID.  
Registrer opplysningane dine og svar på spørsmåla.  
Du får høve til å tinga time når du er i rett aldersgruppe og det er dosar tilgjengeleg.
Ledige timar (for veka etter) vert lagt ut kvar fredag kl. 10.
Du går då inn på din profil i Remin og finn deg ein time.

Det er Pfizer/BioNTech sin Comirnatyvaksine vi får no.

Alle som tek første dose med vaksine må legge til rette for å kunne ta dose to til fastsett tid. For at flest mogleg skal få første dose så snart som råd, er intervallet mellom dosane no 12 veker.

Spørsmål om vaksine rettast til koronatelefonen tlf.nr: 90 86 01 66  
Telefonen er open måndag til fredag kl.08.00 - 10.00 og kl.13.00 - 14:30  

Tal og statistikk

Her kan du lesa statistikk om koronavaksinasjon Kvinnherad: fhi.no/koronavaksinasjonsstatisikk

Om Remin

Systemet vi nyttar til administrering av vaksineringa heiter Remin.  
Programmet nyttar orda venteliste og risikogruppe. 

Ordet venteliste: 
i programmet tyder dette at du har takka ja til vaksina og er på venteliste for å motta SMS om at du kan tinge time. Du loggar inn på din brukar og tingar time når du får sms. 
Du er altså ikkje på ei prioritert venteliste på nokon måte, men står saman med alle andre i di aldersgruppe på vent for ledige vaksinedosar.  

Folk registrerer seg fortløpande i systemet og har du registrert deg rett etter ei sms utsending er sendt,  så går det ei tid før du får sms.  
Sms vert sendt ut ein gong i veka for å freiste å fange opp alle nye registrerte.  

Ordet risikogruppe: Når du registrerer deg får du opp eit tal på ei risikogruppe. 
For deg som ikkje har underliggande sjukdom, har risikogruppa du vert slusa inn i ved registrering inga praktisk følge i prioriteringsrekkefølga.  
Vi vaksinerer no etter alder. 

Det kjennes som om du registrerer deg på nytt kvar gong du går inn på brukaren din i Remin. Det er heilt normalt for dette programmet. Hald fram til du finn deg ein time

Når er det din tur til å få vaksine?

Ledige timar vert lagt kvar fredag kl. 10, då kan du bestilla deg time til veka etter.

Om du ikkje vil nytta deg av timen så meld frå på koronatelefonen om dette slik at andre kan få dosen din. 
Om du har vanskar med registrering eller har spørsmål om vaksinering ring koronatelefonen tlf.nr: 90 86 01 66  Telefonen er open måndag til fredag kl.08.00 - 10.00 og kl.13.00 - 14:30   

Kva tid og kor møter eg opp til vaksinering?

Vaksinasjonsdag i Kvinnherad er kvar er torsdag. 

Vaksinasjonsstadane er:

  •  festsalen i Husnes kulturhus
  • samfunnshuset i Rosendal

Inntil vidare er det berre Pfizer Biontech vaksine det er tilbod om. 

  • Vaksineringa er gratis og frivillig 
  • Ein skal ha to dosar. Frå 1.juli skal det gå 12 veker mellom dosane.  
  • Ein må vera frisk ved frammøte, det vil sei utan luftvegssymptom, hoste eller feber. 
  • Ein må ikkje ha vore i utlandet eller i kontakt med Covid positive personar siste 10 dagar. 

Personvern

Kvinnherad kommune nyttar systemet Remin for å administrera tilbod om timar for massevaksineringa. Når du registerer deg samtykker du til at Kvinnherad kommune kan lagra opplysingar om deg. Helsepersonell som yt helse- og omsorgstenester, har plikt til å registrera opplysingar i journal for den enkelte innbyggjar. Opplysingane vert lagra så lenge det er naudsunt.  

Oppretting av pasientjournal og lagring av helseopplysninger er basert på heimel i lov: helsepersonellova §§ 39 og 40, pasientjournallova, pasientjournalforskrifta og GDPR artikkel 6 (1) bokstav c og artikkel 9 (2) bokstav g.