Influensavaksinering

Helsestasjonen i Kvinnherad startar opp med vaksinering mot sesonginfluensa frå og med veke 44. Vaksinen kjem ikkje til kommunen før denne veka.

Linken under er anbefalingar om kven som bør vaksinerast og kvifor: https://www.fhi.no/sv/influensa/influensavaksine/influensavaksine-risikogrupper/

Oppsette vaksinasjonsdagar i Kvinnherad kommune:

  • HUSNES HELSESTASJON: 31.10.18 og 07.11.18 (kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00)
  • ROSENDAL HELSESTASJON: 01.11.18 og 09.11.18(kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00)
  • VARALDSØY SJUKEHEIM: 05.11.18 (kl 08.30 til 11.00)
  • HATLESTRAND HELSESTASJON: 08.11.18 (08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00)
  • ÅKRA SKULE: 12.11.18 (kl 14.00 til 16.00)
  • HALSNØY HELSESTASJON: 16.11.18 (kl 08.30 til 12.00 og 13.00 til 15.00)

Influensavaksinen kostar kr. 150,- på oppsette dagar. Vaksine mot lungebetennelse kostar 400 kr. Betaling på bankterminal. Influensavaksinen kan takast hos fastlege etter oppsette dagar.

Reisevaksinering

 

Kvinnherad kommune tilbyr reisevaksinering til barn og vaksne som skal ut å reise. Ordinær opningstid er kvar onsdag frå kl. 08 til 15:30.

Telefontid for bestilling av time, reiseråd etc, vil vera onsdagar frå kl 09.00 til 10.00 og kl 13.00 til 14.00

Ansvarlege helsesøstre
Elin Johnsen Eskeland
Tlf. 476 19 208
Elin R. Enæs
Tlf. 913 27 587

Kontoret ligg på baksida av Fagbygget i Husnes Sentrum. Same bygg som Elkjøp og Frodes fargehandel. Ein nyttar parkeringsplassar ved Husnes Storsenter.

Sjekk https://fhi.no/sv/vaksine/reisevaksiner/ for meir info kring kva vaksiner du treng ved utanlandsreise. 

Vaksineprisar 2018.pdf