I møte 27.01.21, vedtaksnr. 2021/4, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at privat forslag til detaljplan for 1/ 2 og 10 m.fl. – Naust, kai og parkering Håvika – Ølve, sist revidert den 06.11.20, blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi av Byggadministrasjon Harald Bjørndal AS.

Planområdet utgjer ca. 10 daa. Føremål med å lage detaljplanen er, å regulera eit område som i gjeldande kommuneplan er avsett til naustføremål, til LNF-område og til område med vern av sjø og vassdrag. Ein ynskjer å følgje felles plankrav med føremål om naustbygging. Forslagstiller tenker der på 13 einingar (naust) etc. samt tilhørande trafikkanlegg.

Området omfattar eigedomen 1/ 2, 10 mfl. Det er køyreveg fram til felles parkeringsområdet. Området vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, anna veggrunn, kjøreveg, kai og parkering), LNF-område (nødvendige tiltak for landbruk m.m.),  Grøntstruktur (friområde og badeplass), bebyggelse og anlegg (naust), Bruk og vern av sjø- og vassdrag (Badeområdet og strandsone), omsynssoner (frisikt) og juridiske linjer og punkt. 

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 26.01.21 på Joker-butikk i Ølve.

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 26.03.21.

Vedlegg