I møte 29.04.20, saksnr. 2020/47, har forvaltningskomiteen i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for del av 252/1 og 252/2 med fleire – nærings- og industriområde Opstveit - Matre - Laila og Knut Tungesvik - Plan ID 20190001, sist revidert den 30.03.20, blir lagt ut til off. ettersyn. Planforslaget er utarbeida i regi Multiconsult Norge.

Området vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, kjøreveg og anna veggrunn), grøntstruktur (blågrønstruktur), LNF (landbruk), bebyggelse og anlegg (bustadar, næring, energianlegg, vass-og avløpsanlegg og kombinert byggje- og anleggsføremål ), bruk og vern av sjø- og vassdrag (friluftsområde, kombinerte føremål) omsynssoner (frisikt, ras- og skredfare, støy-gulsone, høgspentanlegg), områdeføresegner # (vilkår for bruk av arealer, bygningar og anlegg) og juridiske linjer og punkt.

Arealbruksføremål er omtalt i arealdel til kommuneplan for Kvinnherad vedteken den 22.03.18 (planid.: 20140002): Planarbeidet er i strid med gjeldande plangrunnlag. Forslagstiller ynskjer å ta i bruk turistnæringsområdet samt ein del andre område og planleggje industri-/næringsvirksomheit her. Området dannar per i dag eit grøn/lite utbygd-open området i Matre, samt eit vassdragsområde som verkar, trass i at det er ein regulert innsjø, naturleg .

Området liggjar i Matre/Opstveit ved nordenden av Opstveitvatnet .

Den noverande arealbruken innanfor området er basert delvis på jordbruk, næringsverksemd og kraftindustri og -forsyning. FV. 5024, Matersvegen, går gjennom bygda og fungerer som avgrensing for planområdet.

Vi ber særleg NVE å sjå om flåm- og rassikringssituasjon er tilstrekkeleg opplyst og om tiltak er godt nok utgreidd og vurdert i føresegner sine pkt §§ 3.6, 4.5.2, 4.5.13, 5.3.1, 6.1.3, 8.2.1, 9.3.1 og 13.1, i plankartet med omsynssone ras- og skredfare (H310) og RpFareGrense, i planomtale m.a. pkt. 5.15, 6.3.13 og pkt. 9 og i andre vedleg som ROS-analyse, vatn, avløp- og overvasshandtering samt miljøgeologisk undersøkelse.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 17.07.20 på følgjande stader: JON LYNGNES BENSINSTASJON A/S 

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ Ingo Bewer seinast den 17.07.20.

 

VEDLEGG