I møte 09.02.22, vedtaksnr. 2022/8, har forvaltningsutvalet i Kvinnherad kommune vedteken med heimel i PBL § 12-11 at forslag til detaljplan for del av 121/3 med fleire - Fritidsbustader og naust med brygg på Rød Uskedalen - Planid 20200004, sist revidert den 23.11.21, blir lagt ut til off. ettersyn med ein del vilkår. Planforslaget er utarbeida i regi av Bombus Arkitektur og vart revidert på nytt i.h.t. vilkår i vedtaket den 02.05.22.

Det omtrent 12,6 daa store planområdet ligg i heilskap innafor Gnr/Bnr 121/3 i Kvinnherad, med unntak av kryss med FV 500 – Uskedalsvegen. Planområdet ligg til sjø og grensar i aust til Bøkkeverkstaden og eit mindre naustmiljø, i vest mot eit mindre småbåtanlegg med naust, og i sør mot landbruksareal. Terrenget er skrånande. Det arealet som ikkje er dyrka er i stor grad villnis med nokre få unge tre, og steinfjøre. I vest av planområdet er det eit bekkeutløp, med sandbotn. Området vert føreslått regulert til samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur (veg, anna veggrunn, køyreveg og parkering), LNF-område (jordbruk), Grøntstruktur (naturområde), bebyggelse og anlegg (fritidsbustadar, småbåtanlegg, naust), Bruk og vern av sjø- og vassdrag (Badeområdet og bruk og vern), omsynssoner (frisikt) og juridiske linjer og punkt.

Føremål med å lage detaljplanen er, å regulera eit område som i gjeldande kommuneplan er avsett til fritidsbustadar, naustføremål, til LNF-område og til område med vern av sjø og vassdrag. Ein ynskjer å følgje felles plankrav med føremål om naustbygging. Forslagsstillar tenker der på 2 fritidseigedomar og 3 nausteiningar samt tilhøyrande trafikkanlegg.

Føremålet med planen er å tilretteleggje før dette føremål. Planen utløyser etter administrasjon sin vurdering ikkje krav om planprogram og KU, då det er avsett i kommuneplan til føremålet.

Kommunen gjer merksam på at Rød samt mange andre områder i kommunen, har vist seg til å ligg innafor marin grense.

Vi ber med dette NVE om å ta sikte spesiell på vedlagte planomtale side 5 NATURFARE (under planskildring) og ROS-analyse i.h.t. Vi ynskjer ein uttale.

Etter plan- og bygningslovens § 12-11 leggjast planforslaget ut til offentleg ettersyn fram til den 11.07.22 på følgjande stader: Sparbutikken i Uskedalen og Kvinnherad kommune sin heimesida under kunngjeringar

Evt. merknader og/eller interesser som ynskjast ivaretatt i planarbeidet meddelast Kvinnherad Kommune – Seksjon forvaltning v/ plan seinast den 11.07.22.