Kontakt

Tlf. 53 46 18 50 / 468 52 073

Styrar
Ann Iren sæle
Tlf. 948 45 903

Avdelingar
Stølen, tlf. 53 46 18 51
Bamsebu, tlf. 53 46 18 52

Adresse
Uskedalsvegen 552
5463 Uskedalen

Opningstider: 06.30 - 16.15

Om barnehagen

Uskedalen barnehage er ein kommunal to avdelings barnehage, som ligg i bygda Uskedalen. Barnehagen ligg i same bygg som Uskedalen skule sentralt til midt i bygda, med sjø, natur, skog og fjell tett inntil.

Avdelingane våre er småbarnsavdelinga(0-3år) Stølen, med plass til 12 barn, og storbarnsavdelinga (3-6år) Bamsebu, med plass til 24 barn.

I Uskedalen barnehage arbeider det eit kompetent, engasjert og dyktig personale. Uskedalen barnehage arbeidar i tråd med Være saman pedagogikken, overordna lovverk, sentrale og kommunale føringar og satsingsområder. 

Barnehagen har eit godt og nært samarbeid med skulen. Vi nyttar oss av skulen sitt areal ved ulike høve og har fast tid i idrettshallen, klasserom, sløydsalen og skulebiblioteket kvar veke. I overgangen mellom barnehage - skule er dette tette samarbeidet til stor fordel for ungane.

Omgjevnadane kring barnehagebygget vårt gjev oss eit unikt mangfald av mogleikar vi aktivt nyttar oss av i  barnehagekvardagen. Barnehagen ligg blant anna rett ved stranda, kunstgrasbanen og klatreparken. På Skårhaug har barnehagen sin eigen trelavvo.