Ung meistring er eit arbeids- og aktivitetstilbod til unge mellom 18 - 30 år som går på sosialhjelp. Desse personane vil få vilkår frå NAV jamfør lov om sosiale tenester §20a: "Det skal stilles vilkår om aktivitet for tildeling av økonomisk stønad til personer under 30 år, med mindre tungtveiende grunner taler mot det". Ung meistring er då eit av fleire aktuelle tilbod. Ung meistring vil ha fokus på relasjonsbygging, fysisk aktivitet, friluftsliv og utføring av samfunnsnyttige gjeremål. Dette kan til dømes vere sti- og strandrydding, bygging av benker/grillhytter/gapahuk og ulike mindre oppdrag. Ung meistring har eit omfang på to dagar i veka og det er ikkje tidsavgrensa. Det vil vere ei individuell vurdering kven som passar i tilbodet og kor lenge den enkelte skal vere med. Dersom det er plass vil Ung meistring også vere aktuelt for andre målgrupper og ulike kommunale tenester vil då kunne vise til tilbodet. Ta kontakt for meir informasjon.

Sjå vår brosjyre.

 

Kontakt:

Jarle Bruntveit
Tlf. 488 67 095

Ung Meistring - Gapahuk 
Gapahuk sett opp av deltakarane i Ung meistring.

 


Jarle Bruntveit (til høgre) og Ole Henrik Horn, arbeidsleiarar i Ung meistring.

 

Ung meistring- Bygging.jpg

Friluftsliv og arbeid hand i hand i Ung meistring.

 

Ung meistring - Matlaging.jpg

Matlaging ute i naturen.