- For at me skal bli flinkare må me øva, så i kveld skal me ha ei storøving i Halsnøytunnelen i lag med dei andre naudetatane, vegvesen og vegtrafikksentralen, opplyser Kvinnherad brann og redning.
Dette medfører at tunnelen må stengast ein periode.
Under øvinga blir trafikken styrt i tidsrommet frå kl. 19.00-22.00. Det betyr at trafikken blir dirigert med ledebil frå klokka 19.00 til 19.35 og frå klokka 21.30-22.00.
Tunnelen vil bli heilt stengd frå klokka 19.35 til 21.30.
Kvinnherad brann og redning ber om forståing for dette.