Vi er ei avdeling som har knytt til oss ulike fagpersonar som er tilgjengelig for barn, unge og familiar i heile kommunen. Vi er ein del av eininga barn og familie og sektor oppvekst.

Vi yt vedtaksbestemte tiltak forankra i Barnevern-, opplærings-, barnehage- og helse og omsorgstenestelova, samt lågterskel tiltak som kan setjast inn med det same, utan vedtak for å hjelpe når behovet er der.

Vårt fokus er å gje støtte og rettleiing til barn, ungdom og familiar i vanskelige situasjonar. Hjelpa vi gjev skal vera tilpassa deira situasjon og behov, når dei treng det. Barn og familie er såleis sentrum for alle våre tenester.

Vi skal vera ein samarbeidspartnar for føresette, barnehagar, skule og andre instansar som uroar seg for eit barn. Rett støtte og rettleiing på eit tidleg tidspunkt kan førebyggja og forhindra forverring av situasjonen. 

Bruk skjema Barn og familie - Søknad - tilmelding.pdf

Hjelpetiltak for barn og unge med funksjonsvanskar, og deira familiar

Eining barn og familie yter tiltak etter lov om helse og omsorgstenester til barn, unge og deira familiar.

Målgruppe
Barn og unge under 18 år med nedsett funksjonsevne.

Hjelpetiltak
Støttetiltak til familiar med omfattande omsorgsoppgåver blant anna:
* avlasting i privat heim eller institusjon
* omsorgsstønad
* støttekontakt

Kontakt
Tlf. 53 46 16 90
E-post

Besøksadresse
Barn og familie, Husnestunet, Stølshaugvegen 5, 5460 Husnes

Postadresse
Kvinnherad kommune, Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal

Kontaktperson
 Bodil Guddal Bjørke, konsulent for barn og unge med fuksjonsvanskar
Tlf. 917 37 928

Monika Høyer Haugland, einingsleiar
Tlf. 478 44 074

Familieteam

Tilbod til born, unge og deira føresette med behov for støtte, rettleiing i ein vanskeleg situasjon i livet. Vedtaksbasert eller førebyggande og tidleg innsats. Skulen er ein naturleg arena for psykolog, psykisk helsearbeidar, familierettleiar og ungdomslos.

Kontakt
Sturla Helland, psykolog
Tlf. 53 46 17 84 / /970 24 320
Anne Margrethe Matre Vangsnes, psykisk helsearbeidar for barn og unge
Tlf. 53 46 16 27 / 416 54 603
Siv Karin Stensletten, familierettleiar
Tlf. 481 93 521
Sigurd Naterstad, ungdomslos
Tlf. 901 01 199

Barnehageteam

Tilbod til barn med spesialpedagogiske vedtak, barn med ekstra behov for støtte i kortare periodar, retteleiing av tilsette og familiar. Barn frå spedbarnsalder er dekka av barnehagelova. Kvar barnehage har ein spesialpedagogisk kontaktperson.

Tiltaksteam

Tilbod til born, unge og deira familiar med behov for avlastning/støttekontakt/tilsyn/miljøarbeid. Vi bidreg blant anna til rekruttering og rettleiing av oppdragstakarar, for å sikre best mogleg kvalitet i tenestene vi tilbyr.

Ungdomsteam

  • Utekontakten er ein lågterskel og oppsøkande teneste for born og unge. Vi er jamleg tilstades på skular og ungdomssenter og har ein tett dialog med ungdomane, lærerar og foreldre.
     
  • Kvinnherad Ungdomssenter held til i første etasje på Kulturhuset Husnes. Rosendal Ungdomsklubb finn du i same bygg som tannlegekontoret i Rosendal. Tilboda er rusfrie samlingsplassar for ungdom frå 8-klasse og oppover, med aktiviteter som biljard, bordtennis, musikkverkstad, hobbyrom, jenterom, kjøkken og eigen båt til bruk i Opsangervatnet (på Husnes). Du finn både Ungdomssenteret og Utekontakten på Facebook.
     
  • EMF-Bufellesskap og oppfølgingsteam har omsorg og ansvar for einslege mindreårige.


Kontakt
Barn og familie
Stølshaugvegen 5
5460 Husnes
Tlf. 53 46 16 90
E-post

Espen Seberg Åkra, avdelingsleiar
Tlf. 944 34 942