Tilskotsordningar - statlege

PRODUKSJONSTILSKOT- søknadsfrist 15. mars og 15. oktober

Produksjonstilskot er ei fellesnemning for ei rekkje tilskotsordningar som føretak som driv vanleg jordbruksproduksjon kan søkja på.

  • Arealtilskot
  • Kulturlandskapstilskot
  • Tilskot for husdyr
  • Tilskot for dyr på beite
  • Tilskot for dyr på utmarksbeite
  • Driftstilskot til mjølkeproduksjon
  • Driftssilskot til spesialisert storfeproduksjon
  • Tilskot for bevaringsverdige dyrerasar
  • Arealtilskot til økologisk landbruk
  • Tilskot til økologisk husdyrproduksjon
  • Distriktstilskot til frukt, bær og veksthusgrønsaker
  • Tilskot til avløysing ved ferie og fritid

Meir informasjon om tilskotsordningane finn ein her.

Krav til føretak som skal søkje:

  • Må vere registrert i Enhetsregisteret i Brønnøysund
  • Drive vanleg jordbruksproduksjon på éin eller fleire landbrukseigedomar

Informasjon om kven som kan søkje finn du her.

Det er ikkje mogleg å søkje om produksjonstilskot på papir. Du må logge deg inn og søke via Altinn. Her får du god rettleiing i hjelpeknappane kring om i søknadskjema. Har du spørsmål eller ynskjer hjelp, er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.

Meir informasjon om søknadsskjema finn du her.

Søknadsfrist for Del 1 - 15. mars og Del 2 - 15. oktober

geit og melderskin[1].JPG Tun_Gul_løe

Foto: Tore Eik

SÆRSKILTE MILJØTILTAK I JORDBRUKET - SMIL midlar - søknadsfrist: 15. mars

SMIL står for særskilte miljøtiltak i landbruket. Dette er eigne midlar som er løyvt for å ta vare på natur- og kulturminneverdiar i kulrutlandskapet, og til titlak som reduserar ureininga frå landbruket. Målsetjinga er å stimulere til auka utnytting og glede av utmark og kulturlandskap. Det vert òg viktig å hindre ureining til vassdrag og luft, og til å arbeide for tiltak som er vitkige for klimaet.

Søknad og meir informasjon finn de hjå Landbruksdirektoratet.

Har de spørsmål, er det berre å ta kontakt med landbrukskontoret i kommunen.

TIL SØKNADSSKJEMA FOR SMIL-MIDLAR

Søknadsfrist: 15. mars​

Gamal sag GjuvslandGamal sag Gjuvsland2

Den gamle saga på Gjuvsland har fått SMIL-midlar og er i gang med restaurering. Foto: Tore Eik

Juelløa inni Juelløa 2 Juelløa

Juel-løa ved Halsnøy Kloster. Foto: Tore Eik

REGIONALT MILJØPROGRAM - RMP midlar - søknadsfrist 15. oktober eller 15. november

Regionalt miljøprogram (RMP) er ei fylkesvis tilskotsordning for miljøtiltak i landbruket. RMP har som må å bidra til at kulturlandskapet i Vestland fylke vert halde i hevd og at jordbruket vert drive på ein miljømessing forsvarleg måte.

Regionalt miljøprogram er eit strategiprogram for kulturlandskap, biologisk mangfald, klima og ureining knytt til jordbruket. Programmet, inkludert tilskotsordningane, er fastsett av Fylkesmannen i samråd med Bondelaget og Bonde- og Småbrukarlaget. Dei regionale miljøtilskota er til liks med produksjonstilskot ei årleg driftsstøtte til jordbruksføretak i drift som oppfyller visse vilkår. Alle føretak som kan søke produksjonstilskot i jordbruket, som har landbruksdrift i Hordaland eller Sogn og Fjordane og som oppfyller vilkåra som vert stilte i dei ulike tilskotsordningane, kan søke om regionale miljøtilskot.

Desse ordningane kan ein søkje på (2020): 

TIL SØKNADSSKJEMA FOR RMP-MIDLAR I ALTINN

Søknadsfrist: 15. oktober. For beitelag er søknadsfristen15. november.

Bringedal høglandsfe foto Ina Lønning

Foto: Ina Lønning

BYGDEUTVIKLINGSMIDLAR - BU midlar - Innovasjon Norge

Landbrukskontoret i kommunen formidlar rettleiing og sakshandsaming av søknader om tilskot og lån frå Innovasjon Norge til næringsutvikling knytt til gardsbruk. Søkjar eller søkjargruppa må vera knytt til landbrukseigedom, og tiltaket skal føre til lønsam næringsutvikling.

Ta gjerne kontakt med kommunen i forkant. Søknad skal sendast elektronisk via Innovasjon Norge sine sider. Her er òg informasjon om kva som kan få finansiering, kor mykje tilskot ein kan få og føresetnadane for å få tilskot.

Innovasjon Norge.png 

Innovasjon Norge sender søknaden til kommunen til uttale før dei handsamar saka.

Her finn du informasjon om landbruk på Innovasjon Norge sine sider 

Nytt i 2020 er at ein kan søkje om tilskot til solcellepanel på driftsbygningar. 

Nytt Sauefjøs med teknologiDreneringNy flor

Døme på tiltak som kan få midlar frå Innovasjon Norge, ny drfitsbygning til dyr, drenering. Foto: Tore Eik

TILSKOT TIL DRENERING AV JORDBRUKSJORD – statleg ordning

God drenering er avgjerande for å kunna auke matproduksjonen i åra som kjem. Det er òg eit viktig ledd i å tilpasse jordbruket til eit endra klima med meir nedbør. God drenering reduserer fara for erosjon frå jordbruksareal og bidreg på den måten til god vasskvalitet og eit vassmiljø. Godt drenert jord slepp dessutan  ut mindre lystgass enn jord som er vassmetta.

Formål 

Formålet med ordningen er å øke kvaliteten på tidligere grøftet jordbruksjord ved å gi tilskudd til drenering av dårlig drenert jord med potensial for økt matproduksjon, samt å redusere faren for erosjon og overflateavrenning av næringsstoffer til vassdrag.

Vilkår

Tilskudd kan gis til drenering av tidligere grøftet jordbruksareal. Planerte arealer er unntatt fra vilkåret om at arealet tidligere skal være grøftet.

Tilskudd kan ikke gis der tiltaket medfører vesentlig skade for annen eiendom og naturmangfold, vesentlig fare for flom og vannforurensning eller fare for skade på automatisk fredete kulturminner. Tilskudd kan heller ikke gis der tiltaket er påbegynt før tilskudd er innvilget.

 

Søknad skal sendast inn digitalt med innlogging via Altinn.

Les meir på. Les meir på Landbruksdirektoratet sine sider her.

Drenering

  

TILSKOT TIL TILTAK I BEITEOMRÅDE

Utmarksbeiting i Norge føregår i stor grad i regi av beitelag som organiserer fleire beitebrukarar innen eit definert utmarksbeiteområde. Tilskot til tiltak i beiteområde skal føra til god beitebruk gjennom infrastruktur i beiteområda.

Føremålet med tilskotet er å legge til rette for best moglegg utnytting av beite i utmark, redusere tap av dyr på utmarksbeite og fremja fellestiltak i beiteområda.

 

TILSKOT TIL PLANLEGGINGS- OG TILRETTELEGGINGSTILTAK

Planleggings- og tilretteleggingsprosjekt kan vera ulike typar prosjekt som rettar seg mot organisering og tilrettelegging av utmarksbeita for god og effektiv beitebruk. Dette kan bl.a. omfatta

  • Planlegging og prosjektering av faste installasjonar
  • Ny organisering av beitelag og utmarksbeiteområde
  • Prosjektretta arbeid for stimulering til auka beitebruk og rasjonell utnytting av beita
  • Tidsavgrensa utprøving av nytt utstyr som kan føra til effektiv og god beitebruk
  • Utarbeiding av planar (beitebruksplan, tiltaksplan, beredskapsplan osb.) for utmarksbeite
  • Vegetasjonskartlegging

 

TILSKOT TIL INVESTERINGAR KNYTT TIL UTMARKSBEITA

Tilskot kan gå til investeringar i faste installasjonar og anna utstyr knytt til beitebruk. Innan desse rammene kan tilskot gå til alle tiltak som fremmar beitebruken i eit område.

Ulike typar faste og mobile investeringstiltak det gjevast tilskot til (lista er ikke fullstendig):

  • Sperregjerde. Eit sperregjerde skal hindra beitedyr i å komma ut av beiteområdet. Sperregjerde kan også tene til å avgrense beiteområdet mot veg, jernbane, tettbebygd område og sammenhengande jordbruksområde.
  • Ferister.  Ferister bør være av godkjent fabrikat eller bygd etter standardtegninger.
  • Bruer. Det kan gjevast tilskot til bruer som er dimensjonert for føring av beitedyr. Dersom bruene er kraftigare dimensjonert kan kostnadsoverslag eller tilskotsandel reduserast tilsvarande.
  • Gjetarhytter. Kostnadsoverslag for gjetarhytter kan omfatta hytter på inntil 20 m2 med kvadratmeterpris som tilsvarar gjennomsnittleg kostnad for hytter av enkel standard i det aktuelle området.
  • Sanke- og skiljeanlegg
  • Anlegg/rydding/ utbetring av driftevegar
  • Saltsteinsautomatar
  • Transportprammar
  • Elektronisk overvåkingsutstyr (radiobjøller, lammenoder, merkesavlesarar, findmysheep mv.)

Søknad vert sendt inn via Altinn

Geite på fjellet over Løfallstrand

Foto: Karen Løvfall Våge

TILSKOT TIL UTVALDE KULTURLANDSKAP (Gjuvslandslia)

Dei utvalde kulturlandskapa i jordbruket er ei samling av dei mest verdifulle kulturlandskapa i Noreg. Dette er særeigne jordbrukslandskap med store biologiske og kulturhistoriske verdiar, skapt av menneske i samspel med naturen gjennom generasjonar. Særpreget vert teke vare på gjennom fortsatt drift, skjøtsel og vedlikehald i områda.
Å ta vare på vår natur- og kulturarv krev eit aktivt jordbruk, lokalt engasjement og statleg innsats. Satsinga som starta i 2009, er eit spleiselag mellom landbruks-, natur-, og kulturminnemyndighetene.

Her kan du lese meir om UTVALDE KULTURLANDSKAP

Gjuvslandslia, foto: Fylkesmannen i Hordaland

Foto: Fylkesmannen i Vestland

TILSKOT TIL BYGGING OG OMBYGGING AV SKOGSVEGAR

I NMSK-forskrifta står det: ”Det kan gis tilskudd til bygging av nye eller ombygging av eksisterende skogsveier når dette bidrar til helhetsløsninger som gir grunnlag for utnyttelse av skog- og utmarksressursene.»

Vidare står det at vegen skal vere godkjend etter forskrift om planlegging og bygging av landbruksvegar eller plan- og bygningslova.

Før anleggsarbeidet vert starta skal det utarbeidast ein byggjeplan godkjend av kommunen. På baksida av tilskotssøknadsskjemaet står det kva byggjeplanen skal innehalde.

Det er eit krav at vegen vert halde ved like i same standarden han vart bygd.

Vegstandard

Vegen må ha ein standard som er tilfredsstillande for den aktuelle bruken og skal byggjast i samsvar med gjeldande normalar for landbruksvegar. Vegstandarden må avpassast skogen og det aktuelle området. Større veganlegg bør vere planlagd av ein godkjend vegplanleggar. Veglina skal vera stukken i marka og godkjent av kommunen ( jamfør landbruksvegforskrifta). På grunn av skilnaden i kostnad og geometri må traktorveg klasse 7 vurderast opp mot bilveg, særleg når areala med planta gran som vert løyst ut er under 100 dekar, når det er aktuelt med vegklasse 5 og når offentleg tilkomstveg ikkje er open for vogntog. Vegen skal byggjast etter den godkjende veglina, og anlegget skal føra fram til det punkt som er oppgjeve i søknaden.

Dersom offentleg tilslutningsveg ikkje held standard for vogntog (12,4 eller 15 meter lengde) eller ikkje har tilstrekkeleg tillate aksellast (under 8 tonn), bør veglag, vegplanleggjar og kommunen som skogbruksstyresmakt arbeide for å skrive opp standarden på den offentlege vegen. Dersom dette ikkje vert gjort, bør det aktuelle veganlegget prioriterast ned for tildeling av tilskot.

Større fellesanlegg skal prioriterast høgt. For slike prosjekt må det også skipast veglag. Fordeling av kostnadene for anlegget skal gå fram av underskreve søknadsskjema og det framtidige vedlikehaldet skal vera ordna ved skriftleg avtale før tilskot vert utbetalt.

Det skal normalt ikkje gjevast tilskot til vegklasse 8 og vegar med lågare standard.

Prioritering

Følgjande prioritering gjeld:

  • Vegar (nybygging eller ombygging) i samband med vindfallhogst
  • Større felles tilkomst-/hovudveganlegg med mykje hogstmoden skog og store produktive  skogareal og vegar bygde som sams tiltak etter Jordskifteloven
  • Andre anlegg i tråd med hovudplan for skogsvegar
  • Bilvegar framfor traktorvegar
  • Vegklasse 5 bør nedprioriterast.

Traktorvegar i vegklasse 7 kan likevel vere tilkomstveg og berettiga til tilskot der det løyser ut mindre felt under 100 dekar.

Tilskotssatsar

Tilskot til sekundærvegar/traktorvegar bør liggja i intervallet 25 – 45 %.

Tilskot til bilvegar og tilkomstvegar bør ligge i intervallet 30 – 60 % . Anlegg der det er brukt godkjend vegplanleggar kan få høgare tilskot med:

  • detaljplanlegging +4 prosentpoeng
  • utarbeiding av anbod +3 prosentpoeng
  • oppfølging av anlegget under bygging +3 prosentpoeng          

Skogsvegar i vegklasse 2 til 7 kan for vegens dekningsområde få tilskot med inntil kr 7 000 per dekar for areal i hkl 2 – 4 som er tilplanta med gran, og inntil kr 160,- per m³ gran og furuskog i hkl 5. For lauv inntil kr 100,- per m³ i hkl 5. Vegar som løyser mykje lauvskog og lite annan skog skal likevel prioriterast ned.

Bruk av skogfond med skattefordel må nyttast so langt det er råd. Det betyr at bygging av større veganlegg bør løyse ut monaleg med hogstmoden skog dei fem første åra etter bygging.

Dersom planen for eit veganlegg må endrast av omsyn til naturmiljø og friluftsliv, skal eventuelle meirkostnader som skuldast dette gå inn i tilskotsgrunnlaget, og det kan kompenserast med ein noko høgare tilskotssats.

Tilskot til overordna vegplanlegging

Overordna vegplanlegging og motiverande arbeid er vesentleg for å få til rasjonelle og lønsamme veganlegg. Kommunane kan yte tilskot til overordna vegplanlegging og det er ein fordel at dette vert samordna på regionnivå. Fylkesmannen samordnar dette.

Vilkår for tilskot

Tilskotet vert gjeve med vilkår om at vegen vert vedlikehalden i den standard den er bygd. Vedlikehaldsavtale skal vera underskriven av grunneigarane før tilskot vert utbetalt.

Det vert utført vedlikehaldskontroll på vegar som er mellom 10 og 20 år gamle. Fylkesmannen gjennomfører kontrollane i lag med kommunane.

Det skal settast vilkår om nyplanting av gran på skogsmark som eignar seg for granplanting tilsvarande 1 dekar per 5 000 kr gjeve i tilskot. Tilsvarande er det eit vilkår at hogst av gran i vegens dekningsområde skal plantast att med gran. Skogfaglege vurderingar kan likevel vege mot dette. Areala skal vere kartfesta på den einskilde eigedom før tilskot blir løyvd.

Søknad, handsaming og utbetaling

Søknad skal skje på søknadsskjemaet og sendast til kommunen saman med kartgrunnlag. Kommunen registrerer søknaden i ØKS og prioriterer og handsamar han.( Fagsystemet for disponering av rentemidlar frå skogfondet). Vedtak med byggjeløyve skal lastast opp i ØKS.

Kostnadane for vegen skal vere kjent før ein søkjer om tilskot. Anbod eller fast pris er vanleg.

Løyve til avkøyring frå offentleg veg skal vere gjeve før det vert søkt om tilskot.

Det skal førast rekneskap for veganlegget med utgifter utan mva. Utgiftene i rekneskapen skal vere dokumentert med fakturaer eller timelister ved eigeninnsats. Grunnlag for utbetaling av tilskot er rekneskapssamandrag.

Organisasjonsnummer og bankkontonummer til den som tilskotet skal betalast ut til må førast på skjemaet.

Resultatkontroll

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av kontroll og minst kvar tiande av dei godkjende søknadene skal følgjast opp med synfaring. Dei som søkjer om tilskot er forplikta til å frigi opplysningar og akseptere dei kontrolltiltak som skogbruksmynda bestemmer.

Fylkesmannen og kommunen kan kontrollere at driftsområde er kvalifisert for tilskot og at drifta er gjennomført i samsvar med vilkåra i retningslinene og vedtaket om tilskot.

Tilskot til drift med taubane, hest o.a.

I NMSK-forskrifta står det: «Det kan gis tilskudd til utdrift av skogsvirke med taubane, hest o.a. Tilskudd kan bare gis der det er foretatt registrering av miljøkvaliteter i området. I områder der det ikke er foretatt miljøregisteringer, skal det stilles krav om gjennomføring av de førevar- tiltak som er nedfelt i Levende Skogs standarder”.

I følgje landsskogtakseringa står 30% av den planta granskogen i Vestland fylke i taubaneterreng. Det er liten konkurranse med annan arealbruk på dei bratte areala og dei eignar seg godt til skogbruk. Taubanedrift er ein viktig driftsform for oss som vi er opptekne av at det vert støtta opp om. Det er særs viktig at dei få aktørane vi har ein økonomi som set dei i stand til å utvikle metodar og utstyr i takt med teknologisk utvikling.

Tilskot til drift i vanskeleg terreng skal berre gjevast når drifta blir gjennomført i hogstmoden skog og på ein slik måte at det blir teke omsyn til skogens funksjonar i forhold til biologisk mangfald, landskapsverdiar, kulturminneverdiar og friluftsliv. Tilskot kan berre gjevast der det er gjennomført registrering av miljøkvalitetar (MiS) i området.

Det er eit vilkår at det etter hogst av gran skal plantast att med gran. Skogfaglege vurderingar kan likevel vege mot dette.

Alder

Søkjer må dokumentere alder på skogen (t.d. kopi av skogbruksplandata, borrprøve eller tal årringar) i søknad om tilskot, før handsaming. Det skal takast prøver i ulike deler av hogstfeltet.

Lågaste alder for å gje tilskot:

Bonitet

Lågaste tilskotsats

Tillegg til alder målt i brysthøgde

G26 og betre

55 år

+ 10 år

G23

60 år

+ 12 år

G20

70 år

+ 13 år

G17

80 år

+ 14 år

G 14

90 år

+ 16 år

Andre avgrensingar

Det kan berre utbetalast tilskot når drifta blir gjennomført utan særleg skade på spesielle miljøverdiar i området.

Det skal ikkje gjevast tilskot:

  • dersom skogsdrifta kan motverka utbygging av eit rasjonelt vegnett innan eit naturleg avgrensa driftsområde
  • til område som skal brukast til andre føremål enn landbruksproduksjon.

Tilskotssatsar

Tilskotssatsen til taubanedrift har ikkje vore vurdert på svært mange år. Med gjeldande tømmerpris/driftsprisar bør tilskotet på grandrifter ligge på kr 140/m³. For å betre matche den volatile tømmermarknaden anbefaler vi ei variabel tilskotsordning som i større grad kan gjere gjennomføring av skogsdriftene føreseielege for skogeigarar og entreprenør, når tømmerprisane endrar seg.

Tilskotssatsar 

 

Tilskot, kr per m³

Gran

Variabelt tilskot på

48.000,-                 

gjennomsnittleg virkespris

Furu og lauv

Variabelt tilskot på

56.000,-                 

gjennomsnittleg virkespris

Hestedrifter og løypestreng

 

 

150,-

Tilskotet kan altså tilpassast den einskilde drifta ved å sjå på gjennomsnittsverdien for virket etter at drifta er ferdig.

Det vert også gjeve eit tillegg på kr 20,- per m³ til taubanedrifter der tømmeret vert kjørt fram med lastetraktor. Slikt tilleggstilskot skal ikkje gjevast dersom det etter ei totalvurdering av skogsvegplanar i området er lønsamt å bygge bilveg fram til standplass og eventuelt vidare oppover/ innover i området.

Prioritering

Hogst av stormfelt skog skal prioriterast.

Søknad og sakshandsaming

Søknad om tilskot skjer på dette søknadsskjemaet før drifta vert sett i gang. Utfylt skjema, kart, dokumentasjon på alder og underskrift av skogeigar sendast kommunen seinast seks – 6 – veker før planlagd oppstart av drifta.

Følgjande skal leggjast ved søknad om tilskot :

  • Dokumentasjon på at det er gjennomført miljøregistreringar i skog (MIS).
  • I område utan MIS-registreringar dokumentasjon på at det er gjennomført føre-var-tiltak i    tråd med Levande Skog sine standardarar.
  • Detaljkart 1: 5000 som viser hogstområdet, miljøregistreringar og alle skogsvegar (bil- og traktorvegar), eventuelt kart direkte ført inn i ØKS

I kommunen sitt vedtak skal naturmangfaldslova sine prinsipp om offentleg mynde (§7) innarbeidast og legge til grunn for avgjersla om tilskot.

Oppmoding om utbetaling av tilskot skjer på kopi av søknadsskjemaet som følgde søknaden, med ny påteikning av reelt hogd volum, i tillegg evt. kart og kopi av målenota.

Om tilskotet skal utbetalast til andre enn skogeigar, må dette merkast på søknadsskjemaet og organisasjonsnummer og bankkontonummer til den som tilskotet skal betalast ut til MÅ påførast skjemaet.

Tilsegn om tilskot bør gjevast med kort arbeidsfrist, slik at midlane kan nyttast til andre drifter dersom drifta av ein eller annan grunn ikkje kjem i gang. Tilskotet vert trekt inn utan nærare varsel etter tre månader dersom det ikkje er gjeve varsel om at drifta vert forseinka.

Resultatkontroll

Kommunen har ansvaret for gjennomføring av kontroll og minst kvar tiande av dei godkjende søknadene skal følgjast opp med synfaring. Dei som søkjer om tilskot er forplikta til å frigi opplysningar og akseptere dei kontrolltiltak som skogbruksmynda bestemmer.

Fylkesmannen og kommunen kan kontrollere at driftsområde er kvalifisert for tilskot og at drifta er gjennomført i samsvar med vilkåra i retningslinene og vedtaket om tilskot.

Meir informasjon finn du hos Landbruksdirektoratet. Søknadsskjema LDIR-902-903-904 finn du her

TILSKOT TIL SKOGBRUKSTILTAK - overordna retningslinjer

Tilskot til nærings- og miljøtiltak i skogbruket (NMSK) er skogretta midlar som vert brukt til skogkultur, planting, rydding, tynning, skogvegar og drift i vanskeleg terreng. Tilskota skal stimulere til auka verdiskaping, berekraftig utnytting av skogressursane og ta vare på og utvikle miljøverdiar i skogen. Kommunane tildeler midlar til planting og tynning, medan Fylkesmannen tildeler veg- og driftstilskot.

Tilskot til skogkultur

Fylkesmannen tildeler rammeløyvingar til kommunane med bakgrunn i aktivitet og prognosar frå kommunen og tildelt fylkesramme.

Skogbrukslova pålegg skogeigar å sørgje for tilfredsstillande forynging etter hogst, og sjå til at det er samanheng mellom hogstform og metode for forynging. Nødvendige tiltak for å leggje til rette for forynging skal setjast i gang innan 3 år etter at hogsten er skjedd.

I følgje berekraftforskrifta er tilfredsstillande forynging planting av same eller høgare produserande treslag enn det som er hogd.

Tilskot til forynging av skog og ungskogpleie er eit av dei viktige verkemidlane for å sikre framtidig skogproduksjon. På fylkesnivå vert berre halvparten av avverkingsarealet forynga etter hogst. Dette er ikkje tilfredsstillande og langt frå berekraftig. Vi vil difor prioritere oppfølging av forynging i form av auka kontroll so vel som kunnskapsspreiing og rådgjeving.

Tilskotssatsar (Fylkesmannen si tilråding) 

Tilskot til skogkultur har tidlegare år variert mellom 30 - 70 % i vestlandsfylka, medan gjennomsnittleg tilskotssats for heile landet har vore under 20%. Årsaka til historisk særs høge prosentsatsar på Vestlandet har samanheng med skogreisingstida og at skogeigarane ikkje hadde skogfond. I dag vert skogen hogd slik som i andre område av Noreg og skogeigarane sett av skogfond til naudsynte investeringstiltak.

Tilskotssatsen til skogkultur er fastsettast av kommunen

Tiltak

Tilskotssats

Markberedning

60% av kostnaden

Nyplanting

40 % av kostnaden

Plantekjøp

40 % av kostand

Suppleringsplanting

50% av kostnad

Avstandsregulering/ungskogspleie

70 % av kostand

Flaterydding før planting

30% av kostnad

Underskot tynning

80 kr/m3

Skogeigarsamarbeid - høgare tilskot

Skogkulturtiltak i område der skogeigarane samarbeider på tvers av eigedomsgrensene har mange fordelar og skal ha 5 prosentpoeng høgare tilskotssatsar.

Suppleringsplanting

Ved suppleringsplanting vert det gjeve eit sentralt tilskot på 60% for kostnaden av inntil 50 planter per dekar med krav om at plantetalet etter supplering tilfredsstillar det fastsette minimumstal per dekar. Ved registrering av refusjonskrav i ØKS er det viktig at kommunane nyttar «800-kodane». Sjå tabellen nedanfor.

Tilskot til tettare planting

Ved nyplanting vert det gjeve eit sentralt tilskot på 80 % for kostnaden av inntil 50 planter ekstra per dekar. Sjå tabellen under. (også «800-kode» i ØKS)

Bonitet

Minimum plantetal per dekar

etter supplering

Intervall for plantetal som utløyser tilskot for tettare planting

26

220

220 - 270

23

220

220 - 270

20

200

200 - 250

17

180

180 - 230

14

160

160 - 210

11

130

130 - 180

Forsømt ungskogpleie

Det aller meste av tilskotet går i dag til planting og på fylkesnivå har berre 2% av tilskotet dei siste tre åra gått til ungskogpleie. Ungskogpleie er ei naudsynt investering for å auke tilvekst, kvalitet og ikkje minst stormstabilitet.

Tilskotssatsen til ungskogpleie er 70%. Fastsettast av kommunen.

Kommunane kan enkelt hente rapportar frå ØKS over skogeigarar med potensielt behov for ungskogpleie på eigedomen. Dei aktuelle skogeigarane kan kontaktast for skogfagleg rådgjeving på eigedomen. Ungskogpleie er ein prioritert del av skogkulturen.

Meir informasjon finn de hos Landbruksdirektoratet. Søknadsskjemaet LDIR-909 finn du her

 

Juletreplanting

Tilskotsordningar - kommunale

TILSKOT TIL GRØFTING/DRENERING OG NYDYRKING AV JORDBRUKSJORD – kommunal

Retningsliner for tilskot til grøfting og nydyrking i Kvinnherad kommune

Vedtekne av Kvinnherad kommunestyre 27.09.2018 og revidert 18.06.20

Tilskot til grøfting og nydyrking er kommunale tilskot som skal bidra til auka jordforbetring og utviding av jordbruksarealet i kommunen. Retningslinene gjeld frå og med 2019. Midlane vert løyvd gjennom kommunen sitt årsbudsjett. Midlane skal som hovudregel disponerast i budsjettåret i samsvar med retningsliner.

Vilkår:

  • Det vert berre gjeve tilskot til areal i Kvinnherad kommune.
  • Det skal før nydyrkingsarbeidet startar ligge føre ein plan for nydyrking godkjend av kommunen.
  • Godkjend plan skal ikkje være eldre enn 3 år.
  • Det vert berre gjeve nydyrkingstilskot til areal som kan klassifiserast som fulldyrka areal.
  • Det vert ikkje gjeve nydyrkingstilskot til areal det er utbetalt arealtilskot til.
  • Tilskot til grøfting vert gjeve berre til jord som tidlegare er dyrka
  • Tilskota kan gjevast til eigar av jordbruksareal eller føretak som leiger jordbruksareal. Tiltak på leigd areal må ha løyve frå grunneigar.
  • Drifta på eigedomen og det omsøkte tiltaket må vere i høve til gjeldande lover og føresegner

Berekning av tilskot

Sats er sett til kr 1.000,- per dekar systematisk grøfta jord eller kr 15 per m grøft og kr 2 500 per daa nydyrka areal. Satsane kan bli sett lågare dersom det kjem inn mange søknader innan fastsett søknadsfrist. Satsane vert justert etter konsumprisindeksen med rund sum kvart femte år.

 

Søknad og utbetaling:

Grøfting: Når søknad om statleg tilskot til drenering er godkjent og utbetalt, kan søkjar be om å få utbetalt kommunalt tilskot til tiltaket. Det kan gjerast med eit brev/epost til kommunen.

Nydyrking: Søknad om tilskot skal sendast kommunen. Løyve til nydyrking med kart over oppdyrka areal, skal leggjast ved søknaden. Det vert berre gjeve tilskot til nydyrka areal som er ferdig godkjent og oppmålt av kommunen.         

Søknadane vert handsama etter kvart som dei kjem inn. Vedtak om tilskot innanfor avsett budsjettramme vert gjort av administrasjonen.

 

Det kommunale tilskot vert utbetalt i samband med ferdig godkjenning av prosjekt og utbetaling av det statlege tilskotet.

SKOTPREMIE

Kvinnherad kommune har i mange år hatt skotpremie på rev, mink, mår, kråke og mårhund. Alle som skal driva jakt og fangst må ha betalt jegeravgift.

Søknadsskjema

FISKEFOND - søknadsfrist 1. mai og 1. oktober

Det finst 3 ulike fiskefond i kommunen, med forskjellige mål og ulike summar som vert betalt inn kvart år.

Forskrifter for bruk av fiskefonda i Kvinnherad kommune vart vedteke 25.10.2018.

Søknad
Det vert sett to fristar kvart år for å søkje fiskefondet om midlar, 1. mai og 1.oktober. Søknadane skal så handsamast i formannskapet innan to månadar. Midlane skal lysast ut. Søknaden skal vere skrifteleg og må innehalde:

  • Ei utgreiing om tiltaket
  • Kostnadsoverslag
  • Kartfesting
  • Foto
  • Kontaktperson for tiltaket

Midlar som ikkje vert brukt vert lagd til fonda og delt ut seinare.

IMG_1748[1].JPG

VILTFOND

Viltfond

Alle kommunar som har opna for jakt på hjort skal etablera eit kommunalt viltfond. Inntektene til det kommunale viltfondet er den offentlege fellingsavgifta for hjort og fondet si årlege avkasting.

Inntektene frå omsettinga av ulovleg felt vilt og fallvilt av hjortevilt, samt hjortevilt som blir felt som skadedyr (løyve gjeve i medhald av naturmangfaldlova § 18) blir òg rekna som inntekter til det kommunale viltfondet.

Viltfonsmidlar kan nyttast til:

  • Tilskot til tiltak for å fremja viltforvaltning, styrke kunnskapen om viltet, jaktorganisering med meir i kommunen og nabokommunar. Dette skal skje gjennom samarbeid i regi av organisasjonar, enkeltpersonar eller kommunen
  • Å dekkje kommunen sine utgifter til ettersøk og handtering av skadd vilt og fallvilt i kommunen
  • Tiltak for å førebyggje skadar på landbruksnæring voldt av hjortevilt.

Viltfondmidlar kan ikkje nyttast til:

  • Kommunal administrasjon av viltforvaltning (faste utgifter til løn, møtegodtgjersle, reiser med meir)
  • Å erstatte skader voldt av vilt
  • Skotpremiar

Søknad
Det vert sett to fristar kvart år for å søkje viltfondet om midlar, 1. mai og 1.oktober. Søknadane skal så handsamast i formannskapet innan to månadar. Midlane skal lysast ut. Søknaden skal vere skrifteleg og må innehalde:

  • Ei utgreiing om tiltaket
  • Kostnadsoverslag
  • Kartfesting
  • Foto
  • Kontaktperson for tiltaket

Midlar som ikkje vert brukt vert lagd til fonda og delt ut seinare.

Fellingsavgift

Fellingsavgifta for hjort blir fastsett av kommunen innanfor rammene som er fastsett i statsbudsjettet av Stortinget.
06.12.212 vedtok Formannskapet desse satsane for fellingsavgift for hjort i Kvinnherad:
  • For alle vald som har gjennomført og fått godkjent eigen driftsplan med avskytingstavle:
    • Vaksen hjort: kr. 250,-
    • Kalv: kr. 100,-
  • For vald utan godkjende bestands-/driftsplanar:
    • Vaksen hjort: kr. 330,-
    • Kalv: kr. 200,-
  • Alle dyr med slaktevekt 35 kg eller lågare skal betalast sm kalv, men rapporterast i rett aldersgruppe.

Vedtaket er gjort med heimel i Forskrift om kommunale og fylkeskommunale viltfond og fellingsavgift for elg og hjort