Generelle retningsliner

Tilskot til arbeid med kultur, idrett og friluftsliv vert gitt til:

  • Medlemsbaserte lag og organisasjonar
  • Opne ungdomstiltak
  • Privatpersonar
  • Institusjonar

Som driv frivillig og/eller ikkje-kommersielt kulturarbeid for innbyggjarane i Kvinnherad.

Desse kan ikkje søkje om tilskot:

  • Organisasjonar/institusjonar som primært tek seg av medlemmene sine yrkes- eller økonomiske interesser
  • Organisasjonar som har til hovudoppgåve å samla inn pengar til tiltak utanfor kommunen
  • Tiltak/arrangement som har til føremål å skaffa inntekter
  • Aksjeselskap der aksjonærane har høve til å ta ut økonomisk utbytte
  • Informasjons-, aksjons- og interesseorganisasjonar
  • Politiske parti/organisasjonar
  • Næringsaktørar som t.d. skjenkestader

Tilskot til innkjøp av materiell og utstyr til frivillige lag og organisasjonar - Open søkjarfrist

Ordninga skal byggje opp under aktivitet og utvikling i etablerte lag og organisasjonar. Det kan søkjast om middlar til kostnadskrevjande personleg utstyr som er naudsynt at deltakarane har tilgang til for å delta eller er eit behov i laget for å starta med nye aktivitetar. Ein må grunngje kvifor kjøpet er naudsynt.

Kriteria for tilskot:

Øvre grense for tildelt tilskot 1/3 av kostnader knytt til arrangementet, maksimalt 15 000,-

Tildelte midlar vert utbetalt etter framvist faktura/ordrebekrefting

Søknadskjema:

Tilskot til innkjøp av materiell og utstyr til frivillige lag og organisasjonar.docx

Tilskot til innkjøp av materiell og utstyr til frivillige lag og organisasjonar.pdf

Tilskot til trivselstiltak - Open søkjarfrist

Trivselsmidlane skal stø opp under og stimulera til aktivitet og samhandling i nærmiljøet. Døme på aktivitetar og tiltak kan vere fysisk aktivitet, nye tiltak, opplevingar, arrangement, bygdedagar, kompetanseheving, aktiviserande tiltak for ulike grupper og tiltak for inkluderingsarbeid.

Kriteria for tilskot:

Midlane skal ikkje nyttast til ordinære driftsutgifter eller faste arrangement som t.d. juletrefest og jonsokfeiring. Tiltak som stimulerer til samhandling på tvers av generasjonar og har som målsetjing å nå eit breiast mogleg lag av nærmiljøet vert prioritert.

Søknadskjema:

Tilskot til trivselstiltak.docx

Tilskot til trivselstiltak.pdf

Tilskot til kulturvernoppgåver - Søkjarfrist 15.03

Ordninga skal stimulera til vern og formidling av materielle og immaterielle kulturminne og kulturmiljø i Kommunen vår.

Det kan søkjast innan tre ulike grupper for kulturvern:

  • Istandsetjing av bygningar
  • Istandsetjing av andre kulturminne, heilskaplege miljø, kulturlandskap, anlegg, vegar, område og objekt med særleg verdi
  • Formidlingsarbeid innan kulturminnevern. Det kan til dømes vera informasjonstavler, dokumentasjonsarbeid, utstillingar, skrifter, bøker, film eller nettbasert formidling.

Kriteria for tilskot:

Grunnleggjande vernekriterium som t.d. alder, representativitet og historisk kjeldeverdi vil verta lagt til grunn for utval av søknader som det vert gje tilskot til. Innvendig restaurering vert bare støtta i heilt spesielle høve. Tilskot til formidlingsarbeid vert berre gitt i dei høve der det føreligg plan for korleis arbeidet skal gjerast tilgjengeleg for ålmenta.

Kvinnherad kommune arbeidar med å utarbeid kulturminneplan. Når vedteken plan føreligg vil prioriterte bygningar, objekt og prosjekt i denne få prioritet i handsaming av søknader.

Rapporteringskrav:

Tiltaket må vera påbyrja innan eit år etter at tilskot er motteke. Det skal utan oppfordring leverast kortfatta, skriftleg rapport til kommunen innan 3 månader etter at tilskotet er brukt.

Søknader vert handsama av levekårskomitèen.

Søknadskjema:

Tilskot til kulturvernoppgåver.docx

Tilskot til kulturvernoppgåver.pdf

Driftstilskot til husleige, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg - Søkjarfrist 15.03

Det kan søkjast om tilskot til delvis dekking av utgifter til eigne eller leigde lokale, hus og anlegg for kulturell verksemd.

Kriteria for tilskot:

Til drift av eigne lokale og anlegg vert det gitt delvis dekking av faste driftsutgifter som straum, forsikring, renovasjon, nettverk og løpande vedlikehald. Revisorgodkjent rekneskap skal følgja søknaden.

Tilskot til leige av hus/lokale og anlegg blir berre gitt til ordinær lagsverksemd for born og unge. Det vert ikkje gitt tilskot til leige i samband med inntektsgjevande arrangement. Kopi av spesifiserte billag skal følgje søknaden.

Søkjarfrist: 15.03

Søknadskjema:

Driftstilskot til husleige, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg.docx

Driftstilskot til husleige, baneleige og drift av eigne kulturhus og anlegg.pdf

Driftstilskot til frivillige organisasjonar som driv kulturarbeid for born og unge - Søkjarfrist 15.03

Det kan søkjast om tilskot til frivillige lag og organisasjonar som driv aktivt med kulturarbeid for born og unge og opne tiltak som gjev eit fast tilbod til ungdom frå 12-19 år.

Kriteria for tilskot:

Laget må ha minst 6 aktive medlemmar under 19 år og fast aktivitetsplan gjennom året.
Tilskot vert rekna ut etter tall på aktive medlemmar.
For organisasjonar som driv opne ungdomstiltak utan medlemstal vert gjennomsnittlege besøkstal nytta for utrekning av tilskot.

Søkjarfrist: 15.03

Søknadskjema:

Driftstilskot til lag og organisasjonar som driv kulturarbeid for born og unge.docx

Driftstilskot til lag og organisasjonar som driv kulturarbeid for born og unge.pdf

Tilskot til festivalsatsing - Søkjarfrist 15.03

Kvinnherad kommune har ei særleg satsing på festivalar. Det vert lagt vekt på at tilskotet som Kommunen bidreg med skal vere føreseieleg for arrangør. I det ligg at arrangør kan vente å få årlege tilskot i omlag same størrelses orden.

Kvinnherad kommune nyttar følgjande definisjon på festivalar: «Ope kulturarrangement som består av fleire hendingar og aktivitetar som likevel står fram som heilskapleg. Arrangementet må gå føre seg samanhengande over meir enn 1 dag. Det skal trekke ei brei publikumsmasse. Festivalen må ha eit føremål og ein tematikk ein ønskjer å formidle, samt kunne vise til ei medvete halding til nyskaping. Publikumspotensialet må vere berekraftig i høve til festivalen sine utgifter og festivalen sin aktivitet må vere tilgjengelig for ein stor del av publikum (Ikkje ekskluderande i høve til form og innhald)».

Kriteria for tilskot:

Kvinnherad kommune stiller krav til arrangementa som er med i satsinga. Dei må ha:

  • Regional/nasjonal profil
  • Kvalitet i formidling i program/innhald i tilbodet til publikum i tilhøva for aktørar
  • Realistiske planar
  • God økonomistyring
  • Profesjonell og open organisasjon
  • Vise kompetanse og tiltak for kompetanseheving blant tillitsmenn/ansvarshavande
  • Vise behov for stønad gjennom søknad, budsjett og program

Søknader vert handsama i levekårskomitèen.

Søknadskjema:

Tilskot til festivalsatsing.docx

Tilskot til festivalsatsing.pdf

Tilskot til prosjekt og arrangement - Søkjarfrist 15.03

For å stimulera til tilbod av høg kvalitet innanfor felta kultur, idrett og friluftsliv kan det gjevast tilskot til:

Større enkeltståande arrangement og prosjekt der profesjonelle, honorerte kunstnarar, forfattarar, føredragshaldarar eller liknande medverkar.

Ulike former for prosjektarbeid innan felta kunst og kultur, idrett og friluftsliv som går utanom eit lag eller organisasjon sitt ordinære virke.

Kriterium for tilskot:

Det må komma fram av søknaden at lokalbefolkninga i Kvinnherad vil ha høve til å besøkja, eller på annan måte få gleda av produksjonen/arrangementet/prosjektet.

Øvre grense for tildelt tilskot 1/3 av kostnader knytt til arrangementet.

Rapporteringskrav:

Tiltaket må vera påbyrja innan eit år etter at tilskot er motteke. Det skal utan oppfordring leverast kortfatta, skriftleg rapport til kommunen innan 3 månader etter at tilskotet er brukt.

Søknadane vert handsama av levekårskomitèen.

Søknadskjema:

Tilskot til prosjekt og arrangement.docx

Tilskot til prosjekt og arrangement.pdf

Tilskot til investeringar - Søkjarfrist 15.03

Utlysinga tek atterhald om endeleg vedtak av retningsliner i Levekårskomitéen.

Det kan søkjast om tilskot til rehabilitering og etablering av private leikeplassar, friluftsliv-, idretts og kulturanlegg.

Kriteria for tilskot:

Til prosjekt der det også vert søkt om spelemidlar kan det gis tilskot på 50% av utgifter knytt til prosjektet etter at forventa momsrefusjon og spelemidlar er trekte frå.

Til prosjekt som ikkje kan søkje om spelemidlar kan det gis tilskot på 1/3 av utgiftene som er knytt til prosjektet.

I handsaming av søknader vil kriterier om at anlegget skal vere ope for alle, bruksfrekvens og føremål  verta vektlagt.

Følgjande vedlegg må følgja søknaden for at den skal verta behandla:

Utgreiing av arbeid som skal gjerast, behov og bruksområde

Budsjett og finansieringsplan                                                                                                                                       (for store prosjekt skal budsjett vera dokumentert med tilbod frå leverandør)

Teikningar med situasjonsplan, for større nybygg ombyggingar skal planane vera godkjende av kommunen. Byggeplanar for godkjenning kan sendast inn heile året. Godkjende planar medfører ikkje automatisk rett til tilskot.

Søknader vert handsama av Levekårskomitèen

Søknadskjema:

Tilskot til investeringar.docx

Tilskot til investeringar.pdf

Tilskot til drift av kulturorganisasjonar - Søkjarfrist 15.03

Det kan søkjast om driftstilskot til institusjonar og organisasjonar som tek på seg viktige oppgåver innan kunst-, kultur, friluftslivs og idrettsfeltet med særleg verdi for Kvinnherad kommune.  Driftstilskotet er ikkje knytt opp mot særskilde tiltak eller prosjekt, men mot organisasjonen sitt føremål. Det vert lagt vekt på at tilskotet som Kommunen bidreg med skal vere føreseieleg for organisasjonane som vert tildelt tilskot. I det ligg at arrangør kan vente å få årlege tilskot. Det vert oppmoda om at nye søkjarar tek kontakt med kulturkontoret og drøftar saka før søknad vert sendt.

Kriteria for tilskot:

Private museum, kulturvernorganisasjonar, paraplyorganisasjonar og friluftslivsorganisasjonar med virke i heile kommunen og/eller eit  vil verta prioriterte. Organisasjonar med virke som særleg er knytt opp mot ein stad eller ei bygd vil ikkje verta prioritert.

Søknader vert handsama av Levekårskomitèen.

Søknadskjema:

Tilskot til drift av kulturorganisasjonar.docx

Tilskot til drift av kulturorganisasjonar.pdf