Barn som kan få innvilga utsett skulestart
-
Barn som med eit ekstra år i barnehagen vert vurdert til å klara seg utan eigen opplæringsplan (IOP) ved skulestart.
Barn som ikkje bør få utsett skulestart
-
Barn med varige funksjonshemmingar og vanskar
-
Barn som vert vurdert til å ha behov for spesialundervisning og individuell opplæringsplan (IOP) som erstattar gjeldande læreplan for skulen gjennom heile skulegangen.
LOVGRUNNLAG
Grunnskuleopplæringa skal til vanleg ta til det kalenderåret barnet fyller 6 år. Dersom det etter sakkunnig vurdering er tvil om barnet er komme tilstrekkeleg langt i utviklinga si til å starte i skulen, har barnet rett til å utsetje skulestarten eitt år dersom foreldra krev det. Etter sakkunnig vurdering og med skriftleg samtykke frå foreldra kan kommunen i særlege tilfelle vedta å utsetje skulestarten eitt år. Dersom foreldra søkjer om det eller samtykkjer, kan kommunen etter sakkunnig vurdering la eit barn ta til på skolen eitt år før, når det innan 1. april har fylt 5 år.