Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Park og idrett

Eining for Veg og Park har ansvar for drift og vedlikehald av dei kommunale idrettsplassane på Husnes, Sæbøvik og i Rosendal. Gruppa har vedlikehald av park- og grøntannlegg i Rosendal og på Husnes, og rundt offentlege kommunale bygg.

Friområde

Friluftsrådet Vest har drift og vedlikehald av regionale friluftsområde. I Kvinnherad gjeld dette Fergevågen på Varaldsøy, Kalven ved Rosendal, Vikjo i Dimmelsvik, Vetle Lauvøy, Kolsøy, Løkjelsøy, Sandvika på Halsnøy og Bjellebøvågen på Borgundøy. Meir informasjon om dette finn du på Friluftsrådet Vest si heimeside. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Badeplassar

Kommunen har sjølv ansvar for ein del mindre friområde og badeplassar.
Kommunen overvakar vasskvaliteten på utvalde badeplassar. Resultat finn du Vasskvalitet.pdf Pdf, 429 kB, åpnes i nytt vindu.

Driftsproblem

Feil og manglar kan meldast til Kvinnherad kommune sitt sentralbord på telefon eller e-post:
Tlf: 53 48 31 00
E-post:post@kvinnherad.kommune.no

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?