Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Søknad om avkøyrsle

Ein skal søkja skriftleg når ein skal etablera ny avkøyrsle eller be om utvida bruk av avkøyrsle frå offentlig veg. Gjeld det avkøyrsle frå fylkes- eller riksveg finn du informasjon om dette på nettsida til Statens vegvesen. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Gjeld det avkøyrsle frå kommunal veg så kan du lesa ei enkel rettleiing som gjeld for Kvinnherad kommune her: Retningsliner for utforming av avkøyrsle frå kommunal veg.pdf Pdf, 607 kB, åpnes i nytt vindu.

Søknad skal sendast elektronisk her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Dispensasjon frå byggegrense
Dersom ein treng søkje om dispensasjon frå byggegrense til veg i samband med etablering av bygg, murar, varerampar eller liknande innretning, kan ein nytta følgjande skjema:
Søknad om dispensasjon frå byggegrense.pdf Pdf, 604 kB, åpnes i nytt vindu.

Utfyld skjema vert å senda til:
Kvinnherad kommune
Eining for veg og park
Rosendalsvegen 10
5470 Rosendal

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?