Psykososialt kriseteam

Det psykososiale kriseteamet skal forbereda, koordinera og organisera psykososiale tiltak i høve hendingar som krev kommunal ekstrainnsats. Det overordna målet for tenesta er å sikre at menneske som på ei særskilt vis vert utsett for belastningar, på grunn av direkte involvering eller berøring av ulykker, katastrofar eller liknande hendingar, får tilbod om naudsynt akutt hjelp og psykososial støtte.

Støttegruppa kan ikkje ta over ansvar frå anna helsepersonell i den akutte situasjonen eller i handsaminga av hjelpetrengande. Gruppa sitt arbeid skal ikkje erstatta, men supplera, koordinera og styrkja meistringsstrategiar og hjelpetiltak frå nærmiljø, sosialt nettverk, arbeidsplass, skule, kyrkje, ulike foreiningar og helsetenesta sosialrådgjevingstenesta elles.

Det er naudetatane,  v/ legevakta eller politiet som kan ta kontakt med kommunelegen som er leiar for kriseteamet, for å aktivera gruppa eller delar av gruppa.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?