Kommunal kriseleiing

Ved omfattande ulykker, katastrofar eller andre større, uønskte hendingar trer den kommunale beredskapsleiinga (KBL) i kraft.

KBL vert leia av kommunedirektøren med ordførar som del av KBL. Øvrige medlemer er leiargruppa til kommunedirektøren, samt brannsjefen, politistasjonssjefen og ein informasjonsmedarbeidar.

KBL har som oppgåver:

  • Innhente opplysningar om situasjonen 
  • Ta avgjersler om å iverksette tiltak for å hindre/minske skader på personar, materielle verdiar og miljø
  • Prioritere ressursar frå kommunen si side
  • Utarbeide faginformasjon til innbyggjarar og media
  • Avgje situasjonsrapportar til Statsforvaltaren, samt rapportar til kommunestyret

Instruks, ansvar og oppgåver til den kommunale beredskapsleiinga følgjer ein eigen beredskapsplan for kommunen. I tillegg vert beredskapslanar for til dømes atomulykker og smittevern lagt til grunn.

KBL deltek i årlege kriseøvingar.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay