Kommunal beredskap
Kommunen har beredskap på ei rekkje område, slik at ein til ei kvar tid skal vere klare til å handtera større eller mindre hendingar som krev rask respons.
Sidene vil kontinuerleg bli oppdatert.
Beredskapen er til for å sikra innbyggjarane tryggleik i kvardagen. Innanfor helse finst ei rekkje beredskapsordningar. Mellom anna har ein ei legevaktsordning som skal sikra at ein får legehjelp dersom det oppstår eit akutt behov, det finst og planar for å handtera større utbrot av smittsame sjukdomar.
Kvinnherad Brann og Redning skal kunna handtera brannar, trafikk- og andre ulukker og er i tillegg første innsatstyrke ved akutt forureining. For å sikra mest mogleg kontinuerleg drift av viktige samfunnsfunksjonar er det ulike beredskapsordningar. Til dømes har vatn og avløp eigen vaktordning.
Kriseteamet kan nåast gjennom kommunen sitt sentralbord - 53 48 31 00 på dagtid.
Barnevernstenesta skal gje hjelp etter lov om barnevernstenester til barn, unge og familiar som oppheld seg i kommunen. Dei kan nåast på tlf. 53 46 16 90 på dagtid. Utanom dette må ein nytta alarmtelefonen for barn og unge eller politiet sitt beredskapsnummer.
Sjå viktige telefonnummer her. Åpnes i nytt vindu.
Oversikt over tilfluktsrom i Kvinnherad
Halsnøy skule | Eidsnesvegen 64 | 5455 Halsnøy Kloster |
Øyatun skule | Steinavegen 5 | 5454 Sæbøvik |
Halsnøytunet sjukeheim | Heiavegen 54 | 5454 Sæbøvik |
Gamle Tofte skule (privat) | Nedre Sæbø 68 | 5454 Sæbøvik |
Hauge skule | Haugevegen 7 | 5457 Høylandsbygd |
Sunde skule | Hamrabrekko 12 | 5450 Sunde |
Valen skule | Valevegen 58 | 5451 Valen |
Skarveland skule | Erslandsvegen 15 | 5452 Sandvoll |
Kvinnherad vidaregåande skule | Opsangervegen 160 | 5460 Husnes |
Husnes Ungdomsskule | Røsslandsvegen | 5460 Husnes |
Undarheim skule | Røsslandsvegen 5 | 5460 Husnes |
Husnestunet sjukeheim | Stølshaugvegen 5 | 5460 Husnes |
Husnes tannklinikk (fylkestannlegen) | Stølshaugvegen 1 | 5460 Husnes |
Kulturhuset Husnes | Sentrumsvegen 37 | 5460 Husnes |
Kvinnherad bibliotek | Sentrumsvegen 39 | 5460 Husnes |
Bringedalsbygda skule | Skulevegen 8 | 5462 Herøysundet |
Herøysund kompetansesenter | Ole Bergets veg 19 | 5462 Herøysundet |
Åkra skule | Åkravegen 607 | 5499 Åkra |
Malmanger skule | Øyro 2 | 5470 Rosendal |
Rosendal ungdomsskule | Øyro 20 | 5470 Rosendal |
Kvinnherad rådhus | Rosendalsvegen 10 | 5470 Rosendal |
Mauranger skule | Sundalsvegen 640 | 5476 Mauranger |
Varaldsøy alderspensjonat | Nedrevågsvegen 78 | 5636 Varaldsøy |
Hatlestrand barne- og ungdomsskule | Tongavegen 20 | 5635 Hatlestrand |
Sist oppdatert