Startlån og tilskotsordning
Enkeltpersonar/hushaldningar med varig lav inntekt og som ikkje er i stand til å handtere fullt lån til eigen bustad kan søkje om tilskot til etablering i eigen bustad.
I nokre tilfeller kan kommunen kombinere startlån med eit bustadtilskot.
Startlån
Startlån kan vere ein mogeleg inngong til bustadmarknaden for husstandar som ikkje får vanleg bustadlån, har varig lav inntekt og ikkje moglegheit for å spare.
Finn ut om du er i målgruppa for å kunne søkje startlån her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Dersom du er i målgruppa for startlån kan du søkje her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Retningsliner for tildeling av startlån i Kvinnherad kommune
Vedtatt av Kvinnherad kommunestyre 27.11.2025.
Søknadar om startlån skal handsamast etter Forskrift om lån frå Husbanken Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Husbanken sin Veileder for startlån Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. gjev retningsliner for vurderinga.
Krav i Kvinnherad
I tillegg til at søkjar må innfri vilkåra i forskrifta, må hen som hovudregel:
- Ha vore folkeregistrert i Kvinnherad kommune det siste året.
- Kjøpa bustad som ligg i Kvinnherad kommune.
- Ikkje eiga annan eigedom, verken åleine eller saman med andre.
Unntak frå krava over kan bli gitt i heilt særskilte tilfelle etter ei individuell vurdering.
Tilskot til etablering i eigen bustad og tilskot til tilpassing av bustad
Enkeltpersonar/hushaldningar med varig lav inntekt og som ikkje er i stand til å handtere fullt lån til eigen bustad kan søkje om tilskot til etablering i eigen bustad. Ordninga er behovsprøvd. Du kan lese meir og søkje her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Tilskot til tilpassing av bustad
Personar med nedsett funksjonsevne kan søkje om tilskot til tilpassing av egen bustad. Tilpassinga må være hensiktsmessig og behovet blir vurdert ut frå husstanden sin økonomiske situasjon. Du kan lese meir og søkje her. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Retningslinjer for tilskot pdf, 152 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
