Familiekoordinator
Familiekoordinator skal hjelpe familiar som har det særskilt vanskeleg. Det er eit lågterskeltilbod og alle som ynskjer det kan ta kontakt ved anten å søkja om det på NAV sine sider eller ta direkte kontakt med familiekoordinator Lisbeth Røssland tlf 99 04 22 75.
Det er òg mogeleg for andre instansar som til dømes barnevern, ppt, skule og helsestasjon å ta kontakt dersom familien ynskjer det.
Koordinator kan hjelpe med:
Koordinere, kartlegge og hjelpe familiar som har kontakt med fleire instansar.
Sørge for at familiar får rett hjelp til rett tid, finne ut av kva ytingar dei har krav på og hjelpe dei med å skrive søknader.
Vera ein nær støtte og samtalepartnar for foreldre og born i ein vanskeleg situasjon.
Sist oppdatert