Kontrollutvalet i Kvinnherad kommune

Kontrollutvalet er kommunestyret sitt eige kontroll- og tilsynsorgan. Det er kommunestyret som vel representantane til kontrollutvalet. Utvalet har 5 medlemmar. Minst èin av desse skal vera medlem av kommunestyret. Medlemmane og varamedlemmane i kontrollutvalet kan ikkje vere representerte i andre politiske utval.

Kontrollutvalet er heimla i kommunelova § 23-2 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. og  forskrift om kontrollutval Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.. Utvalet har normalt frå 5 til 6 ordinære møte pr. år. Møta i kontrollutvalet er opne for publikum. 

Utvalet har følgjande oppgåver:

  • Sjå til at kommunen sin rekneskap vert revidert på ein trygg måte
  • Sjå til at det vert ført kontroll med at forvaltning av økonomien vert utført i samsvar med gjeldande bestemmelsar og vedtak
  • Sjå til at det vert gjennomført systematisk vurdering av økonomi, produktivitet og måloppnåing (forvaltningsrevisjon)
  • Sjå til at det vert ført kontroll med forvaltning av kommunen sine interesser i selskap mm. 
  • Kontrullutvalet skal rapportera resultatet av arbeidet sitt til kommunestyret.

Kvinnherad kommune har inngått avtale med Deloitte AS Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. om revisjonstenester. Revisjonstenestene omfattar rekneskapsrevisjon, forvaltningsrevisjon, selskapskontroll i selskap som kommunen har eigarinteresser i, og andre kontroll- og tilsynsoppgåver i regi av kontrollutvalet.


Kvinnherad kommune kjøper sekretariatstenester for kontrollutvalet frå Sekretariat for kontrollutvalet Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. i Vestland fylkeskommune. Sekretariatstenestene omfattar mellom anna saksførebuing for kontrollutvalet, møteinnkalling og saksoppfølging etter møta. Til dømes føring av møteprotokoll og iverksetjing av vedtak. Sekretariatsfunksjonen for kontrollutvalet er direkte underlagt kontrollutvalet. Sekretariatet pliktar å følgja utvalet sine retningslinjer og pålegg. Dersom du ynskjer kontakt med sekretariatet for kontrollutvalet i Kvinnherad kommune, kan du sende ein epost til: kontrollutvalet@hfk.no

 

Innkalling og protokollar 2025 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Innkalling og protokollar 2024 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Innkalling og protokollar 2023 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. 

Innkalling og protokollar 2022 Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

Her finn du møteoversyn og medlemmar Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
 

Kontrollutvalsboka Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.

 

Retningsliner for handtering av førespurnadar til kontrollutvalet Pdf, 62 kB, åpnes i nytt vindu.

 

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?