Stipend og prisar

Statuttar – Kvinnherad kulturstipend

Rev jan 2025, april 2025

Føremål

Kulturstipendet vert delt ut til einskildpersonar innan kunstnarisk og kreativt virke.

Stipendet skal vere eit verkemiddel for personleg utvikling og kompetanseheving innan søkjaren sitt fag. Det skal gjere det enklare å vakse fram som utøvar og stimulera til nyskaping og kreativitet. Stipendet kan nyttast til konkrete tiltak eller utdanning utover grunnutdanning (grunnskule og vidaregåande skule) innan faget. Stipendet kan også nyttast til innkjøp av naudsynt utstyr.

Stipendsum

Størrelsen på stipendet vert avgjort av tal på innskytarar. Stipendet kan verte gitt til ein søkjar eller delast på fleire søkjarar etter konkret vurdering. Same søkjar kan ikkje motta stipend meir enn ein gong.

Krav til søkjar

Det skal leverast ein skriftleg søknad som inneheld:

  • CV
  • Skildring av søkjar si tilknyting til Kvinnherad
  • Prosjektskildring: Kva skal Kvinnherad kulturstipend nyttast til?
  • Tidsramme for prosjekt/utdanning
  • Budsjett for prosjektet/utdanning

Prisvinnar forpliktar seg til å gje eit bidrag attende til Kvinnherad, anten i form av eit kulturinnslag, eit foredrag eller annan konkret jobb som passar til føremålet og i tråd med prisvinnar sitt kulturutrykk. Bidraget må vere realistisk og skildrast i søknad.

Søknad om Kvinnherad kulturstipend sendast post@kvinnherad.kommune.no

Sakshandsaming

Kulturstipendet vert lyst ut med søknadsfrist 1. september. Søknadar handsamast av ei oppnemnt arbeidsgruppe frå innskytarane som tildeler i tråd med regelverket. Alle søkjarar skal verte skriftleg orientert om vedtaket. Vinnar må delta på utdelingsarrangementet i løpet av november i tildelingsåret.

Me ønskjer bilete frå tiltaka me støttar/korleis stipendet vert nytta, som me kan bruka til å informera på våre heimesider og i våre sosiale medium-kanalar. Me ber dykk om å senda oss eitt eller fleire bilete frå tiltaket/aktiviteten de mottar støttemidlar til, som er klarert for slik bruk. Det er viktig at samtykke til slik bruk er innhenta frå alle personar som er identifiserbare på biletet/-a (og frå deira føresette dersom personane er under 18 år).

Kvinnherad kulturstipend er eit samarbeid mellom:

  • Sparebanken Vest
  • Sunnhordland kraftlag
  • Kvinnherad kommune


Kulturstipend_web[1].jpg

Levekårsutvalet kan kvart år dele ut ein kulturpris til enkeltpersonar eller lag/organisasjonar i eller med tilknyting til Kvinnherad kommune. Kulturprisen vert gitt for særleg fortenestefull frivillig innsats for kulturlivet i kommunen eller for aktivt kulturarbeid over lengre tid. Levekårsutvalet avgjer om kor vidt prisen skal delast ut kvart år, kven som skal få prisen og korleis han skal delast ut. Dersom komiteen finn at fleire enn ein bør ha prisen same året, kan det delast ut fleire prisar.

Levekårsutvalet er ikkje bunden av innkomne forslag.

Skriftlege forslag til kandidatar skal sendast post@kvinnherad.kommune.no innan 01.10.2024

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?