
Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad.
Opne hus - med hjarte for alle i Kvinnherad
Kvinnherad kommune ønskjer å invitera til opne hus annakvar veke, for å skapa gode sosiale møteplassar og arrangera kulturelle dagsturar med naturopplevingar i lokalmiljøet!
Dette vil vi gjera saman med frivillige organisasjonar, næringsliv og eldsjeler i kommunen vår.
Kva er Opne hus?
Opne hus er møteplassar forskjellige stader i Kvinnherad som skjer annankvar tysdag klokka 1200. Her kan ein eta saman, oppleva noko kulturelt, naturoppleving og kanskje læra noko nytt? Dei fleste arrangementa er gratis og nokre krev påmelding. I tillegg er det mogleg å bestilla gratis transport til alle Opne hus-arrangementa. Du vil få all nødvendig informasjon i aktivitetsoversikta.
Opningstida for påmeldingstelefonen 40409290 er 10-14 måndag, tysdag og onsdag.
Her finn du oversikten over tidlegare gjennomførte Opne hus-arrangement.
Sist oppdatert
