Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Baronispelet

23. juli 1987 hadde Baronispelet urpremiere i Baronihagen. Kvinnherad kommune har fått digitalisert filmane, som i si tid vart filma av Egil Sundal. Sundal har òg stått for digitaliseringa.

Det vart òg laga ein PR-video, der Knut Hass intervjua fleire involverte.

Lars Amund Vaage skreiv manuset «Baronen – eit kvinneportrett», og Ketil Bjørnstad komponerte musikken. Marit Sofie Lea var initiativtakar.

Hovudrolla, Karen Mowat, vart spelt av Juni Dahr (seinare av Frøydis Armand). I tillegg kan ein sjå ein heil del kjende fjes frå Kvinnherad.

God fornøyelse!

Fant du det du var på jakt etter?