Velferdsteknologi

Velferdsteknologi er tekniske hjelpemiddel som gjer at du kan kjenna deg trygg heime og meistra kvardagen, trass sjukdom eller nedsett funksjonsevne. Ved bruk av velferdsteknologi er ein meir sjølvstendig og kan bu lengre i eigen heim.

I Kvinnherad kommune har vi følgjande velferdsteknologi tilgjengeleg:
(Viktig: dette er ei teneste du må søkja om å få)

Tryggleiksalarm:

Digital alarm som treng tilgang til straum.

Det er sim-kort i.

Det må difor vere mobildekning der alarmen står.

Fleire sensorar kan koplast på denne ved behov.


Smykkesendar:

Smykke eller armband du kan trykke på for å oppnå kontakt med pårørande, heimetenesta eller ein alarmsentral.

 

Røykvarslar:

Røykvarslar med direkte varsling via tryggleiksalarmen. Mottakar av alarm ringer direkte til brannvesenet ved mistanke om brann.


Røyrslesensor:

Kan gje varsel om det ikkje er aktivitet i rommet ei viss tid, eller kan virke saman med dørsensor. Blir individuelt tilpassa.


Dørsensor:

Varslar ved utgang på dør på bestemte tider som er individuelt tilpassa den einskilde sitt behov.


Fallalarm:

Alarmsmykke som kan sende varsel ved fall. Koplast til tryggleiksalarmen som eit ordinært alarm-smykke. NB! Må henge utanpå kleda for å at sensoren skal fange opp eit fall. NB, fangar ikkje opp fall der personen sklir sakte ned.

Viktig å vite:

Velferdsteknologi som består av sensorar som varslar automatisk ved uønskt hending reknast som «inngripande i privatlivets fred og retten til personvern». Dette er teknologiske løysingar som gjer at helse- og omsorgstenesta får melding dersom ein alarm blir utløyst automatisk. Merk at pårørande også kan stå på varslingslista dersom ynskjeleg. Teknologien har til formål å unngå fare, minske skade og tilkalle hjelp for deg dersom du ikkje er i stand til det samtidig som det gjer fridom.

Nøkkelboks:

For at heimetenesta og naudetatar (ambulanse, brann) skal kunne låse seg inn hos deg ved utløyst alarm viss du sjølv ikkje kan låse opp.

Du må la ein ekstranøkkel til huset henge i nøkkelboksen.


Medisindispensar for multidose:

Matar ut posar til valte tidspunkt. Gjer varsel til eit valt telefonnummer dersom posen ikkje er tatt ut av dispenseren etter ei viss tid.


Lokaliseringsteknokologi/mobil tryggleiksalarm:

Tryggleiksalarm med lokaliseingsteknologi (t.d. GPS) som pårørande eller helsepersonell kan følgje via app på mobil. To-vegs kommunikasjon, via SOS knapp på alarmen og/ eller frå mobil. Moglegheit for «digitalt gjerde» (geo fence) for ekstra tryggleik.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?