Omsorgsbustader og bufellesskap
Kvinnherad kommune har ulike nivå på omsorgsbustader. Bustadane er som regel knytt til ein av institusjonane våre.
Bufellesskap er omsorgsbustader som er tilrettelagt for personar med ulike problemstillingar. Kommunen har bufellesskap for eldre, personar med rusproblem, psykiske helseproblem og fysisk eller psykisk utviklingshemming
Omsorgsbustad med heildøgns tenester. Dette er tilrettelagd bustad for personar som treng eit heildøgnstilbod i eigen heim. Personalet er tilgjengeleg og kan tilkallast på kort varsel heile døgnet
Omsorgsbustad utan fast personale. Dette er bustader som er tilrettelagde for personar som treng det på bakgrunn av ulik problemstilling
Skilje mellom bustad og tenester
- For bustaden vert det inngått leigeavtale
- Vedtak om heimetenester vert på same måte i ein kommunal omsorgsbustad som til private bustader. Dette betyr at ein ikkje utan vidare får meir hjelp i en omsorgsbustad enn det ein kan få i egen bustad
Ved søknad om omsorgsbustad/bufellesskap vert det lagt vekt på søkjar sitt funksjonsnivå, noverande bustad og behov for tenester.
Søknadsskjema finn du her. Pdf, 555 kB, åpnes i nytt vindu.
Kommunale bufellesskap/omsorgsbustader
Halsnøytunet
Husnestunet
Rosendalstunet
Ølve alderspensjonat
Varaldsøy aldersheim
Borjo
Utsikten
Herøysund
Kvadraten
Lien
Hagatunet
Sist oppdatert