Sjukeheimslege
Sjukeheimslegen er ei rolle som har vakse fram i primærhelsetenesta etter samhandlingsreforma. Lege med ansvar for medisinskfagleg behandling i bu-tilbod med heildøgers pleie.
Oppgåver
Ved dei kommunale sjukeheimane er det tilsett faste sjukeheimslegar i forskjellige stillingsstorleikar. Legen si oppgåve er å følgja systematisk opp medisinsk behandling og ta avgjerd om utredning og behandling av bebuarane på sjukeheimen. Legen skal også vurdera pasienten sin samtykkekompetanse, evne til å disponera eigne pengar og eventuelt behov for verje.
Legedekninga ved sjukeheimane er differensiert etter forventa forskjellar i behovet for pasientar på korttidsavdelingar, langtidsavdelingar, rehabiliteringsavdelingar og palliative avdelingar.
Sist oppdatert
