Kommuneoverlege

Kommuneoverlegen er Kvinnherad kommune sin medisinskfaglege rådgjevar i helsespørsmål. Han legg til rette og leiar det samfunnsmedisinske arbeidet i kommunen.

Hovudoppgåver

  • Medisinskfagleg rådgjevar for kommunen
  • Medisinskfagleg ansvar for legevakta
  • Smittevernlege
  • Planarbeid
  • Ansvar for å laga vaktlister og sørga for å dekka ledige stillingar hjå legevakta.
  • Behandling av avvik/klager angåande legevakta og legetenesta i kommunen, samt kvalitetskontroll av dødsattestar og vidaresending av desse til dødsårsaksregisteret
  • Myndigheit til å setja i verk tvungen legeundersøking (jf. paragraf 3.1. i lov om psykisk helsevern Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.)
  • Miljøretta helsevern

Smittevern

Kommuneoverlegen skal:

  • skaffa seg oversikt over arten og omfanget av smittsame sjukdomar som førekjem i kommunen
  • driva opplysing om smittsame sjukdomar og gje råd og rettleiing om korleis dei kan førebyggjast
  • sørgja for at individuelt førebyggjande tiltak vert iverksett

Kommuneoverlegen har ansvar for:

  • tuberkulosekontroll
  • helsetenester for nykomne innvandrarar (HNI)

Helsestasjonen har ansvar for:

  • å gje råd og rettleiing om reisemedisin og vaksinering
  • tilbod om vaksinering av reisande

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay