Helsesenter
Fastlegeordninga Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Gjennom fastlegeordninga skal kommunen sikra at alle får nødvendige allmenlegetenester av god kvalitet til rett tid, og at alle personar busett i Noreg får ein fast allmennlege.
Fastlegen har ansvar for alle allmennlegeoppvåger for alle innbyggjarane på lista. Fastlegen kan prioritera personar på si eiga liste framfor andre, men unnatak av lovpålagt akutt helsehjelp. Fastlegen samarbeider med andre kommunale tenester, spesialisthelsetenesta og NAV.
Byta fastlege Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu.
Det er mogleg å byta fastlege to gongar i året. Pasientar står fritt til å ha fastlege i ein anna kommune enn den ein bur i. Ein kan også byta fastlege når ein melder flytting i folkeregisteret, og når fastlegen sluttar eller reduserer lista si. Personar som har flytta innanfor Noreg og meldt flytting til ein annan kommune, kan få tilbake den gamle fastlegen sin dersom dei flyttar tilbake innan tre år. Det er mogleg å stå på venteliste for å byta fastlege for seg sjølv og borna sine. Ein kan berre stå på ei venteliste om gongen.
