Kvardagsrehabilitering
Aktiv i eige liv - i eigen heim

Dei fleste av oss opplever ein gong i livet at aktivitetar i kvardagen, som tidlegare har vore sjølvsagte, blir vanskelege å meistra. Det er først då du merkar kor viktig desse aktivitetane eigentleg er. Kvardagsrehabilitering er tidsavgrensa rehabilitering som skjer heime hos deg og i ditt nærmiljø.
Har du opplevd dette og ynskjer å bli meir aktiv i eige liv?

Korleis går dette føre seg?
- Du vil få besøk av nokon frå ergo/fysioterapitenesta og eventuelt sjukepleiar som kartlegg dine ressursar og utfordringar.
- I samarbeid med deg vert det utarbeidd mål med fokus på kva DU synes er viktig å meistre i din kvardag.
- Det vil bli laga ein rehabiliteringsplan for vekene framover. Du får så besøk av heimetrenarar frå heimetenesta som følgjer deg opp for at du skal få gjennomføra planen din.
Ei forutsetning for at det skal bli ei vellykka rehabilitering, er at du som mottakar av tenesta er motivert til å gjera ein innsats for å kunna bli meir aktiv i eige liv.
Sist oppdatert