Frisklivssentralen

Grunna permisjon er det eit opphald i Frisklivssentralen sine tilbod og aktivitetar frå slutten av mai 2026 til sommaren 2027. Det vert difor ikkje tatt inn nye deltakar frå og med april 2026. Me beklagar dette og håpar å sjå deg att i 2027!

Kurs innan søvn, kosthald og diabetes får også ein pause, medan andre kurs går som normalt og vert publisert fortløpande.

 

Tilboda ved Frisklivssentralen består av individuelle helsesamtalar (råd, rettleiing, hjelp til å lage planar, motivasjon), fysisk aktivitet i grupper og ulike lærings- og meistringkurs. Du treng ikkje vera sjuk eller å ha ein diagnose for å delta på ein frisklivssentral. Deltaking som ledd i eller etter behandling av sjukdom kan likevel vere aktuelt for mange. Vanlege årsaker til oppfølging på Frisklivssentralen kan vere opptrening etter sjukdom, overvekt, inaktivitet, muskel-og skjelettlidingar, psykiske lidingar (lettare depresjon og angst) og mykje meir. 

Individuell oppfølging og fysisk aktivitet går kontinuerleg fleire stader i kommunen, medan lærings- og meistringskurs vert sett opp jamleg og vert lagt ut på Friskus Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu..

Lærings- og meistringstilbod er kurs og aktivitetar med føremål å setje den enkelte i betre stand til å ta hand om eiga helse og eigne helseutfordringar. Dette kan vere diagnoserelatert, knytt til ulike tema eller at ein har belastningar i kvardagen. 

Dersom du ynskjer kontakt kan du gjere dette sjølv eller be om hjelp av helsepersonell.

Les meir i brosjyren pdf, 399 kB. vår.

Aktuelt no:

Visst du forresten at Helse Norge har trygge og kvalitetssikra helseverktøy som kan hjelpe og motivere deg? Nettkurs, appar og videoar som du kan bruke fritt! 

Sjå her: Helse Norge Lenke til et annet nettsted.

Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay