Førebyggjande heimebesøk

Kvinnherad kommune tilbyr førebyggjande heimebesøk til innbyggjarar som fyller 77 år, som ikkje mottek helse- og omsorgstenester frå kommunen.

Innbyggjarar som er over 77 år kan sjølv ta kontakt og få same tilbodet. 
Førebyggjande heimebesøk er eit gratis og frivillig tilbod.

Målet med besøket er å bidra til at fleire eldre kan bu lengst mogleg i eigen heim, med god helse og livskvalitet. 
Me ynskjer å møta friske og oppegåande seniorar som framleis er handlekraftige. Då kan ein gjera val og endringar som kan gjera alderdomen tryggare. 
Om du har du byrja å få utfordringar, kan me komme fram til gode løysingar saman med deg, og sjå på moglegheiter. 

I besøket har vi ein samtale med fokus på meistring av eigen kvardag.
Aktuelle tema kan vere:

  • Bustad
  • Fysisk aktivitet og helse
  • Brannførebygging 
  • Sosialt nettverk og tilbod i nærområdet
  • Velferdsteknologi 
  • Og andre tema som er viktig for den einskilde.  

Du får snakka med kvalifisert helsepersonell som har teieplikt. Under besøket vil du få informasjonsmateriell om kva du kan gjera for å ta vare på eiga helse.
Du vil få informasjon om kommunen sine tenester og kvar du kan ta kontakt, dersom du treng hjelp frå kommunen seinare i livet. 


Kanskje har du begynt å tenke på korleis du kan planleggje alderdomen din, men er usikker på kvar du skal starte?  
  
Kanskje har du lyst å delta på sosiale aktivitetar saman med andre,  
men veit ikkje kva som finns i Kvinnherad kommune?  
 


Ta kontakt om du har spørsmål om tilbodet.  
Pårørande er òg velkomne til å ta kontakt.

 



Sist oppdatert

Fann du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay