Heimesida på veg over til ny plattform

Heimesida til Kvinnherad kommune skiftar nettleverandør. Me ber på førehand om orsak dersom publikum opplever manglar, ufullstendige lenker og generell lugging på heimesida dei neste dagane. Opplever du problem, send gjerne ei tilbakemelding til haavard.saetrevik@kvinnherad.kommune.no.

Les mer om Heimesida på veg over til ny plattform

Ergoterapi

Ergoterapeutar gjev tenester til born/unge, vaksne og eldre som har vanskar med å utføre daglege aktivitetar grunna ulike funksjonsvanskar. Tiltaka har som mål å fremje deltaking, meistring og sjølvstende på alle arenaer der ein ferdast. Ergoterapi kan vere ein del av eit habiliterings- og rehabiliteringsforløp. 

Tenester


  • Individuell kartlegging, trening, rettleiing og oppfølging med fokus poå aktivitet og deltaking
  • Råd og rettleiing i fysisk tilrettelegging av bustader. Dette gjeld både endringar i eksisterande bustad og nybygg
  • Rettleiing og trening for å fungera best mogleg i kvardagen
  • Hjelp til å søkje om tekniske hjelpemiddel, tilretteleggingstilskot, spesialtilpassa bil mm.
  • Opplæring i bruk av hjelpemiddel
  • Habilitering og rehabilitering, i og utafor institusjon
  • Kvardagsrehabilitering

Tilvising/kontakt
Ein treng ikkje tilvising frå lege. Du sjølv, pårørande, eller andre fagpersonar kan ta direkte kontakt med med oss. Førespurnadar vert registrert og prioritert etter intern prioriteringsnøkkel.

Pris for tenesta
Kommunale ergoterapitenester er gratis.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?