Aktiv fritid

Aktiv fritid er eit tilbod til personar over 18 år som av ulike grunnar treng hjelp for å oppleve ei meiningsfull fritid og samver med andre.
Tenesta vert organisert som individuell støtte-/treningskontakt, deltaking i aktivitetsgruppe eller individuelt tilbod i samarbeid med frivillig lag/organisasjon. Den som ynskjer Aktiv fritid må søkje til Kvinnherad kommune, der det vert fatta vedtak etter «Lov om kommunale helse- og omsorgstjenester» § 3 - 1 og 3 - 2 pkt 6b. Vedtak vert gjort ut frå ei individuell vurdering, med utgangspunkt i den enkelte sine ynskjer og behov.
Utbetaling av godtgjersle:
Utbetaling av godtgjersle vert gjort den tolvte i kvar månad i tråd med avtalen.
Godtgjeringa er frå 01.01.25, kr 210 per time knytt til individuell støttekontakt, og kr 250 per time knytt til oppdrag i gruppe.
Kvinnherad kommune nyttar digitale timelister: Rettleiar digitale timelister pdf, 2 MB.
pdf, 2 MB, åpnes i nytt vindu.Vi ynskjer at flest mogleg nyttar seg av dei digitale timelistene, det er enklast for deg og enklast for oss. Det er framleis mogleg å nytte dei gamle i papir. Desse ligg her: Timeliste for oppdragstakar i Aktiv fritid pdf, 177 kB.
Vil du bli støttekontakt?
Kvinnherad kommune har til ei kvar tid behov for støttekontaktar i alle aldrar og over heile kommunen. Dersom du kan tenkje deg å bidra til å skape ei meiningsfull fritid for andre kan du søkje om å bli støttekontakt.
Skjema finn du her:
Søknad om å bli støttekontakt pdf, 369 kB, åpnes i nytt vindu.
Sist oppdatert
