Norskkurs

Vaksenopplæringa har norskkurs på dagtid og på kveld.

På dagtid har vi oppstart 4 (fire) gonger i året: ved oppstart for haustsemesteret i august og ved oppstart for vårsemesteret midt i januar, samt midtvegs i begge semesterane.

Elevar som kan litt norsk, kan melde seg på når som helst, og vil bli plassert i grupper etter kartlegging.

Vi har grupper på fleire nivå, frå nybyrjar til A1 - B2.

På dagtid har elevane 18 timar i veka fordelt på 4 (fire) dagar det første halve semesteret (nybyrjar), vidare har ein 15 timar i veka fordelt på tre (3) dagar.

Har du norskrett, er undervisninga gratis (free of charge) det første året. Har du ikkje norskrett, men plikt eller berre ønsker å lære norsk, må du betale. Pris NOK 30,- pr. time, og skulen sender rekning ein gong i månaden.

Skulen har kveldsundervisning kvar onsdag, 3 timer, frå kl. 18:00. Kveldsundervisninga har oppstart i august og januar. Vi har grupper på fleire nivå, frå nybyrjar og A1 - B2.

Har du norskrett er undervisninga på kveld gratis (free of charge) det første året. Har du ikkje norskrett, men plikt eller berre ønsker å lære norsk, må du betale. Det kostar NOK 70,- pr. time, og skulen sender rekning ein gong i månaden. Eller; du kan kjøpe ein pakke på 50 timar for NOK 3200,-. Du kan då betale i tre avdrag.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?