Skulefritidsordning

Kvinnherad kommune har eit SFO tilbod på alle skulane med barnetrinn. Tilbodet er for barn på 1.- 4. trinn og barn med særskilte behov på 1.- 7. trinn. Opningstida er frå kl. 07.00 - 16.00 alle skuledagar (190 dagar).

Ferietilbod i haust- og vinterferie i tillegg til før og etter skuleåret (juni og august) er lokalisert ved skulande på Halnøy, Valen, Sunde, Uskedalen, Undarheim og Malmanger.
Ferietilbod i jule- og påskeferie er samlokalisert på Undarheim skule og Malmanger skule. For å oppretta SFO-tilbod i feriane er det krav om 6 elevar ved kvar av tilboda.

Her finn du informasjon om ferietilbod hausten 2026 pdf, 80 kB, åpnes i nytt vindu. 

Søknadsfrist: 01.03.26

Påmelding og oppseiing
Søknadsfristen for hovudopptak er 1.mars. Søknadsfrist for ferietilbod er 1. mars for ferietilboda som er frå første kvardag etter 1.aug t.o.m. 23. desember, og 1. november for ferietilboda som er frå vinterferien og ut juni månad. Ein kan søke seinare, men er då ikkje garantert plass. Her finn du søknadsskjema. Lenke til et annet nettsted, åpnes i nytt vindu. Opptaket gjeld til plassen blir endra eller sagt opp. Ein treng ikkje sei opp SFO-plassen etter 4. trinn - det skjer automatisk.

Hatlestrand barne- og ungdomsskule er heildagsskule, her skal ein ikkje søkja SFO.

Priser

Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.

Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay