Valen skule

Om skulen
Valen skule ligg i vakre Valen bygd, sør i Kvinnherad kommune. Med utsikt mot fjorden og Halsnøy, og med flotte høge fjell bak oss. På skulen er det 22 tilsette og 114 skuleungar frå 1. – 7. klasse.
«Valen skule- ein trygg og god skule» er målet vårt. Me er ein god PALS-SKULE. Me jobbar systematisk og jamt for eit positivt skulemiljø der grupper og enkeltelevar skal greie å gjere sitt beste i skulearbeidet. Me har eit mål om at ingen skal bli utsett for mobbing eller krenkjande handlingar i skuletida.
Priser
SFO - Ferieopning
Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.
Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
