
Uskedalen skule
Om skulen
Uskedalen skule er ein få-delt skule med 61 elevar frå 1.-7.trinn.
Uskedalen skule ligg nokre få meter frå sjøen i sentrum av Uskedalen. Vi disponerer, i tillegg til skulen sitt uteområde, ein kunstgrasbane for fotball, ein klatrepark, ein pump-track-bane og elles eit godt opparbeida idrettsanlegg med tilhøyrande stiar og terreng for ulike aktivitetar. Skulen set fysisk aktivitet høgt, og vi har ei eiga skuleløype som elevane går/spring i jamleg.
Dette skuleåret har vi ny organisering av elevane i klassar. Vi har lagt til rette for at elevane i 1.- 3.klasse, 4.- og 5.klasse, samt 6.- og 7.klasse går saman i det vi kallar team. Undervisning og andre aktivitetar går difor i større grad enn før på tvers av alder, med fokus på inkludering og tilpassing.
Skulen arbeider for eit godt lærings- og oppvekstmiljø, og har eit godt samarbeid med foreldre og andre aktørar i nærmiljøet. Vi er opptekne av å leggja til rette for at kvar enkelt elev skal få oppleva meistring og utvikling i samspel med andre elevar og vaksne ved skulen vår.
Nytt bilete: Sjå vedlegg
Kontakt
Skule: 90 72 27 66
SFO: 90 29 16 19
Einingsleiar/rektor
Odd Steinar Arnesen
Tlf.: 90 72 27 66
Adresse
Uskedalsvegen 552
5463 Uskedalen
Tilsette pdf, 42 kB, åpnes i nytt vindu.
Årsplan SFO Uskedalen skule pdf, 365 kB, åpnes i nytt vindu.
Rådsorgan pdf, 233 kB, åpnes i nytt vindu.
Lese- og kartleggingsplan pdf, 814 kB, åpnes i nytt vindu.
Plan for psykososialt miljø pdf, 285 kB, åpnes i nytt vindu.
Priser
SFO - Ferieopning
Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.
Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.
Relatert informasjon
Sist oppdatert
