Sunde skule

Om skulen

Sunde skule er ein fådelt skule med 79 elevar, der 1-2. trinn, 3.-4. trinn, og 6.-7 trinn går ilag. Dette legg til rette for eit inkluderande og tilpassa læringsmiljø der elevane lærer og deltar i aktivitetar på tvers av alder.

Me jobbar aktivt for at alle elevar skal føle seg trygge og inkluderte, og har difor utvikla ARO – kultur for kvarandre, eit heilskapeleg program som fremjar Ansvar, Respekt og Omsorg. Som ein TL-skule (Trivselsleiar) er me opptatt av trivsel, samhald og positiv utvikling. Skulen sitt motto er: Med vind i segla – kvar elev skal bli den beste utgåva av seg sjølv!

Skulen ligg idyllisk til på Sunde, med utsikt mot sjø og fjell, og kort avstand til strand og skog. Dette gir oss unike moglegheiter til å bruke naturen som ein variert læringsarena, både til leik og undervisning. Kystkultur har ein sentral plass i opplæringa, og me samarbeider tett med Sunde Kyst- og Litteratursenter for å gi elevane praktiske erfaringar som å ro, padle kano, trekkje garn, lage mat av fangsten, og lære om det som lever i sjøen og historia til bygda.

Skuleplassen vår har rike moglegheiter for aktivitet med kunstgrasbane, ein stor gymsal, sykkelløype, klatrestativ og zipline, som saman med det flotte uteområdet inspirerer til aktiv leik og fysisk utfalding.

Kontaktinformasjon Sunde skule pdf, 106 kB, åpnes i nytt vindu.

Skulerute for Sunde skule pdf, 82 kB, åpnes i nytt vindu.

Vedtekter for FAU ved Sunde skule pdf, 93 kB, åpnes i nytt vindu.

Medlemmer i rådsorgan for Sunde skule pdf, 128 kB, åpnes i nytt vindu.

Priser

Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.

Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay