Omvikdalen skule

Om skulen

Visjon
Ein trygg og god stad å vera. Ein framifrå stad å læra.

Skulen er plassert i Omvikdalen mellom høge fjell og flotte jordbruksareal, om lag 6 km frå Rosendal.

Vi har kort veg til naturen om vi vil oppover fjellsidene, opp i Åsen, på gardsbesøk eller ned til sjøen langs fjorden eller ut på Holmen.

Nærmiljø og lokal dugleik i bygda blir aktivt brukt i ulike læringssituasjonar.

17 tilsette og 85 elevar arbeider dagleg for eit trygt, godt og inkluderande skulemiljø med hovudfokus på utvikling og læring.

Eit av høgdepunkta i skuleåret er julefest i gymsalen med underhaldning av elevane.

For å fremja trivsel og tryggleik har vi fleire planlagde aktivitetar i løpet av skuleåret, sjå årshjulet i sosial plan.

SFO er opent kvar morgon frå 7.00, og etter skuletid fram til 16.00.

I år er det 35 elevar på SFO.

Tilsette skuleåret 2024/25:

Heidi Hatteberg

Rektor

Ina Haugland Tvedt

Kontaktlærar 1. klasse, Vikar rektor

Lillian Tveit

Kontaktlærar 2. klasse

Margunn Kjærland

Kontaktlærar 3. klasse

Natalie Støle Matre

Kontaktlærar 4. klasse, e-pedagog

Ane Hauge

Kontaktlærar 5. klasse, Verneombod

Anine Enes

Kontaktlærar 6. klasse

Mariel Musland Madsgård

Kontaktlærar 7. klasse

Liv Signe Bleie Ulvestadbakken

Kontaktlærar 7. klasse

Tove Kringlebotten Apeland

Faglærar, Ped.koordinator

Kristine Tveit

Faglærar

Gunn Borge

Fagarbeidar, SFO leiar

Eli Hjelmeland

Fagarbeidar

Marika Støle Matre

Fagarbeidar

Tone Huse Kristoffersen

Fagarbeidar

Ingrid Hermansen Skarsfjord

Fagarbeidar

Kristine Blix Davidsen

Permisjon

  

 

Samarbeidsutvalet/skulemiljøutval

Leiar: Bente Haveland, FAU

Nestleiar: Margunn Kjærland, Lærar Omvikdalen skule

Marie Saghaug Fossberg, FAU

Anita Olsen FAU

Marika Støle Matre, andre tilsettte

Oline Haveland, Elevrådet

Sunniva Martins Sæberg, Elevrådet

Heidi Bolette Jakobsen, politisk vald representant (vara: Julie Holmedal Askeland)

Heidi Hatteberg, rektor Omvikdalen skule

 

 

Priser

Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.

Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay