Husnes barneskule

 

Om skulen

Skuleåret 25/26 har Husnes barneskule om lag 200 elevar fordelt på 1.-7. trinn. Elevane våre er frå mange forskjellige nasjonar. Om lag 90 av elevane nyttar seg av skulefritidsordninga, og om lag 75 elevar nyttar tilbod om leksehjelp.

Skulen har kollektiv drift på rutinar og arbeidsoppgåver. Det sikrar at dei som er tilsett hjå oss praktiserer arbeidsoppgåver likt. Me er kring 40 tilsette som alle arbeider for at elevane våre skal oppleva ei tilpassa, inkluderande, fellesskapande og elevaktiv undervisning. Me er opptekne av at elevane skal oppleva å meistra på skulen, og at dei er i eit godt læringsmiljø.

Skulekameratar til Husnes barneskule deltek på aktivitetar i løpet av skuleåret saman med fadderklassen sin. Det er 3. trinn som har oppgåva med å vere fadderklasse, og aktivitetane føregår mellom anna i klasseromma som skulekameratane vil nytta det fyrste året på skulen.

Skulen har eit stort og godt tilrettelagt uteområde, med leike-/aktivitetsapparat til stor glede for elevane våre. Me nyttar òg nærområdet til turar og uteskule.

Tilsette pdf, 113 kB.

Dagsplan docx, 119 kB.

Priser

Frå august 2023 utvida regjeringa ordninga med gratis kjernetid på SFO til å gjelda elevar på både 1. og 2. trinn. Dersom kommunen tilbyr SFO i feriane til skulen gjeld fritak for foreldrebetaling også for delar av denne tida.

Dette betyr at om ein nyttar seg av ferietilbod på SFO vil elevar på 1. og 2. trinn få fråtrekk for inntil 12 timar gratis opphald per veke. Det vil ikkje vere mogleg å kun nytta seg av dei 12 gratis timane – det må søkjast om heile ferieopphaldet. Døme på dette er vinterferie der ein søkjer om 5 dagars opphald, her vil ein få fråtrekk for inntil 12 timar av opphaldet.

Sist oppdatert

Fant du det du var på jakt etter?

Besøksadresse

Kvinnherad kommune, Rådhuset
Rosendalsvegen 10, 5470 Rosendal
Mån - fre 08.00 - 15.00

Sentralbordet er ope kvardagar 10-14
Tlf: 53 48 31 00
post@kvinnherad.kommune.no
Org.nr.: 964967636

Følg oss

Facebook
Instagram
YouTube

Framsidefoto: Pixabay